Tilskot til aktivitetstiltak for å motverke einsemd

Søknadsfrist:
31. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:59

Statsforvaltaren i Vestland har fått 9,5 millionar kroner til fordeling til tiltak som raskt legg til rette for meir aktivitet hjå eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Søknadsfristen er 31. mars 2021.

Publisert 16.02.2021

Føremålet er å motverke einsemd og passivitet og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar.

Prosjekt og tiltak som kan få tilskot må vere innanfor mål og målgruppe, vere helsefremjande og førebyggjande lågterskeltilbod, som er opne for alle i målgruppa.

Kven kan få tilskot?

  • Kommunane
  • Fylkeskommunen
  • Interkommunale selskap
  • Frivillige og ideelle organisasjonar/stiftingar

De kan òg søkje i samarbeid med private tenestetilbydarar. Dersom fleire skal samarbeide, er det ein som skal søkje på vegner av samarbeidspartnarane. For stiftingar og organisasjonar skal det gå fram av vedtekter eller grunnlagsdokument at verksemda ivareteke eit ideelt, ikkje-kommersielt føremål.

Les meir om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.

Søknaden

Søknaden skal vere poengtert og rimeleg kortfatta. Følgjande opplysningar skal gå fram:

  • Mål med tilskotet
  • Skildring av prosjekt/tiltak som det blir søkt om tilskot til
  • Budsjett

I tillegg til skildring av mål og målgruppe, tiltak og eventuelle samarbeidspartnarar skal det gå fram korleis det vert arbeidd for å nå måla, inkludert framdriftsplan, opplysningar om kor lenge prosjektet/tiltaka skal vare, korleis personar i målgruppa vert rekrutterte til å delta, korleis medverknad frå målgruppa vert ivareteken og korleis de vil vurdere måloppnåing ved slutten av prosjekt-/tiltaksperioden.

Opplysningar om tilskotsmottakar, kontaktperson, adresse, organisasjonsnummer, ev ressursnummer og bankkontonummer skal gå fram av søknaden. Det er ikkje utarbeida søknadsskjema.

Les regelverket nøye før de skriv søknaden

Informasjon om tildelingskriterium, kva tiltak det ikkje vert gitt tilskot til, krav til rapportering om måloppnåing, budsjett og rekneskap og rapporteringsfristar m.v., er gjort greie for i regelverket som du kan lese her.

Tildeling av/avslag på tilskot under denne ordninga er eit enkeltvedtak. Det er klagerett etter forvaltningslova § 28.

Tilskotsordninga er ein del av tiltakspakken for sårbare eldre jf. statsbudsjettet for 2021, og er ei eingongsløyving for raskt å legge til rette for meir aktivitet for målgruppa i den pågåande koronapandemien.

De kan sende søknad digitalt, som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no eller per brev til Statsforvaltaren i Vestland 6863 Leikanger

Rapportering for 2021

Ein kort aktivitetsrapport om bruk av midlar og prosjekt, som er sett i gang per 31. mai 2021, skal sendast til Statsforvaltaren innan 20. juni 2021.

Den endelege rapporten skal sendast innan 1. mars 2022. For meir informasjon om innhald, sjå tildelingsbrev og regelverk.

Søknadsfrist:
31. mars 2021 23:59
Målgruppe:
Eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillige og ideelle organisasjonar (irekna stiftelsar)
Rapporteringsfrist:
1. mars 2022 23:59