Tilbod til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og samansette tenester
- Søknadsfrist:
- 12. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, og dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 12. mars 2022 23:59
Tilskotet skal bidra til å styrkje tilbodet til barn og unge som har behov for langvarig, tilpassa og/eller samansett oppfølging ved å etablere heilskaplege tenester og forpliktande samhandling mellom ulike nivå og sektorar. Tenestetilbodet skal utviklast og setjast i verk saman med brukarar/pasientar.
Regelverket er endra i 2021 og prioriterte tiltak i ordninga er:
- Tverrfagleg oppsøkande behandlings- og oppfølgingsteam for barn og unge etter modell av FACT-ung. Inntil utgreiing av FACT-ung er ferdig sjå handbøker for FACT-modellen. Etableringshandbok for ACT/FACT-team og FACT-handbok
- Utvikling og etablering av kunnskapsbaserte metodar, modeller og tiltak i lokale lågterskeltilbod, til dømes etter modell av Ung Arena og anna modellutprøving for tilgjengelege og heiskapelege lågterskeltilbod. Sjå Modellbeskrivelse av Ung Arena og vedlagte regelverk for ytterlegare informasjon om innhald i prioriterte tiltak 2.
Søknad om tilskot 2021
Søknadsskjema og regelverk finn de under fana «Dokument».
Regelverket for ordninga er endra og vi oppmodar om å lese regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjemaet. Sjå særleg kapittel 4 om tildelingskriterium.
Søknadsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 12. mars 2021.
Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.
Rapportering på tilskot 2020
Skjema for rapportering finn du under «Dokument».
Rapporteringsskjemaet skal sendast som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no innan 12. mars 2021.
Revisorattestert rekneskap skal sendast innan 31. mars 2021.
- Søknadsfrist:
- 12. mars 2021 23:59
- Målgruppe:
- Barn og unge med psykiske- eller rusrelaterte problem og lidingar som treng tidleg utgreiing, behandling, oppfølging og støtte, og dei som lever med høg risiko for å utvikle psykososiale vanskar og deira familiar
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar, statlege føretak (RHF, HF) og kommunar og helseføretak i lag
- Rapporteringsfrist:
- 12. mars 2022 23:59
Kontaktpersonar
-
Mona Fauskanger
Tlf: 55 57 22 03 -
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00