Tilskot til kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
31. august 2020 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane

Fylkesmannen i Vestland har att om lag kr 10 000 000 til fordeling til kommunalt rusarbeid i 2020 og lyser ut tilskotet på nytt. Søknadsfrist er 31. august.

Publisert 28.04.2020

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i dei kommunale tenestene slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Prioriteringar

  • Tilsetting av personar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar.
  • Oppsøkande tverrfaglege behandlings- og oppfølgingsteam.
  • Oppfølgingstenester i bustad, bustad med bemanning o.l.
  • Arbeidsretta tiltak og/eller aktivitetstilbod.
  • Tidleg intervensjonstiltak med barn/unge og eldre som prioritert målgruppe.
  • Lågterskeltenester

Les regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjema, sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar. Regelverket finn du under fana "Dokument".

Korleis søkje tilskot

Ved søknad skal kommunen nytte den elektroniske søknad- og rapporterings-løysinga til Fylkesmannen: Klikk her for å søkje.  

Søknadsskjemaet kan mellomlagrast. For å gjere dette må de opprette ein brukar. På denne måten kan de gå inn att, gjere skjemaet ferdig og sende det inn seinare.

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.  I lenka står det at søknadsfristen har gått ut, men vi presiserer at Fylkesmannen i Vestland lyser dette ut på ny med søknadsfrist 31. august.

Kommunar som hittil ikkje har søkt, blir oppmoda om å søkje.

Spørsmål eller problem med skjema?

Send e-post til: skjema@fylkesmannen.no

Søknadsfrist:
31. august 2020 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
Kommunane