Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg ved livets slutt
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020 23:59
Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg.
Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på.
Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema til Fylkesmannen i Vestland som vedlegg i e-post til: fmvlpost@fylkesmannen.no
Det same gjeld rapportering på eige skjema i etterkant. Søknads- og rapporteringsskjema finn du under fana «Dokument».
Sjå under «Kontaktpersonar» for å kome i kontakt med Fylkesmannen. Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.
Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentra for lindrande behandling og Fylkesmannen. Søknader blir handsama innan 22. mai 2020.
Les meir om ordninga Kompetansehevende tiltak for lindrende behandling og omsorg ved livets slutt på Helsedirektoratet si nettside.
Desse kommunane fekk tilskot etter ordninga i 2019. Rapporteringsfrist for desse kommunane er 1. april 2020.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2020 23:59
- Målgruppe:
- Pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Fylkesmannen i Vestland
- Kven kan søke:
- Kommunar
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2020 23:59