Tilskot til tiltak i kulturlandskap

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar
Ansvarleg:
Fylkesmannen

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap og er prioriterte område.

Publisert 12.12.2019

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel eller restaurering
  • Nedkjemping av framande artar
  • Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket

Det er utvikla eit eige sett med kriteriar for tildeling. I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde vil tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar
Ansvarleg:
Fylkesmannen