Tilskot til kalking

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, kommunar, interkommunale organ og fiskerettshavarar
Ansvarleg:
Fylkesmannen

Tilskotsordninga skal medverke til å redusere negative effektar av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Publisert 12.12.2019

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Kjøp av kalk
  • Transport og spreiing av kalk
  • Informasjon og rettleiing om kalking i vassdrag
  • Reetablering av opphavleg naturmangfald i kalka vassdrag

Tilskot blir gitt til tiltak i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og kor det kan bli påvist eller sannsynleggjort at skade på naturmangfaldet skuldast forsuring.

I område der tolegrensa for forsuring skapt av menneske ikkje lenger er overskriden, men kor tidlegare forsuring har ført til at opphavleg naturmangfald er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald.

Det blir ikkje gitt tilskot til kalking av naturleg sure vassdrag. Søkarar som får tilskot må sjølv medverke med eigen innsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats). Det blir berre gitt tilskot om fisket i vassdraget blir opna for allmenta.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på lokalt nivå, kommunar og interkommunale organ skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Søknader frå landsdekkjande frivillige organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Fylkesmannen og Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Sakshandsaming

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Søknadsfrist:
15. januar 2020 23:59
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, kommunar, interkommunale organ og fiskerettshavarar
Ansvarleg:
Fylkesmannen