Tilskot til kommunalt rusarbeid kapittel 0765 post 62

Søknadsfrist:
24. juni 2019 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
kommunane

Tilskot til kommunalt rusarbeid blir lyst ut på nytt.

Publisert 20.05.2019

Kommunar som ikkje allereie mottek tilskot til kommunalt rusarbeid vert prioriterte.

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i dei kommunale tenestene slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Les regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjema, sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar, overgangsreglar og presiseringar. Regelverket finn du under fana "Dokument".

Korleis søkje

Ved søknad skal kommuen nytte den elektroniske søknad- og rapporterings-løysinga til Fylkesmannen: klikk her for å søkje.

Søknadsskjemaet kan mellomlagrast. For å gjere dette må de opprette ein brukar. På denne måten kan de gå inn att, gjere skjemaet ferdig og sende det inn seinare.

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Søknadsfrist:
24. juni 2019 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusrelaterte problem og deira pårørande.
Ansvarleg:
Fylkesmannen
Kven kan søke:
kommunane

Spørsmål eller problem med skjema?