FylkesROS

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne, halde oversikt over og informere om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Som ein del av samordningsansvaret skal Statsforvaltaren ha kunnskap om, og oversikt over risiko og sårbarheit. Risiko- og sårbarheitsanalysen for fylket (FylkesROS) skal bidra til å gje ei slik oversikt.

FylkesROS for Vestland

Målsetjinga med FylkesROS er å identifisere risiko og sårbarheit, og å danne ei felles plattform for å førebygge eller redusere konsekvensane av uønskte hendingar som kan skje i fylket. Analysen gir oss eit godt grunnlag for å utøve rolla som rettleiar og pådrivar for eit målretta og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Den gir ei felles kunnskapsplattform for arbeidet som kommunane og regionale beredskapsaktørar, sivile og militære, gjer på dette området.

FylkesROS for Vestland er laga i nært samarbeid med relevante fagetatar og -organisasjonar i fylket, og gjeld for perioden 2023 – 2026.

Endringar frå tidlegare utgåver

Dette er første utgåve av FylkesROS etter etableringa av Vestland fylke 1. januar 2019. Den byggjer vidare på tidlegare analysar for Hordaland (2015) og Sogn og Fjordane (2017). Dei analysane ligg ikkje ute på nettstaden vår, men kan delast på førespurnad ved å kontakte postmottaket vårt eller beredskapsseksjonen. Tidlegare utarbeidde scenariovedlegg til FylkesROS er å finne i høgremargen.

Oppfølgingsplan

Det er laga ein oppfølgingsplan basert på funna i FylkesROS. Den er laga i samarbeid med resten av fylkesberedskapsrådet, og skisserer målsetjingar, tiltak, ansvar og tidspunkt for gjennomføring. Planen gir føringar for kva vi skal ha merksemd på i komande år. Fylkesberedskapsrådet skal årleg drøfte status og eventuelt behov for oppdatering av planen.

Oppfølgingsplanen gjeld og for perioden 2023 – 2026, og er å finne i eit eige dokument i høgremargen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.04.2024

FylkesROS for Vestland er ferdigstilt

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne, halde oversikt over og informere om arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket. Som ein del av samordningsansvaret er det forventa at vi skal ha kunnskap om, og oversikt over risiko og sårbarheit. Risiko- og sårbarheitsanalysen for fylket (FylkesROS), som no er ferdigstilt, bidreg til å gje oss det.