Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Mennesker i auditorium.
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand opna fagsamlinga Foto: Christer Thomassen Furøy / Statsforvaltaren i Vestland.

I starten av november samla vi deltakarar frå kommunane og regionale beredskapsaktørar til fagsamling i Bergen.

Publisert 15.11.2024

Den årlege samlinga er eit samarbeid mellom beredskapsseksjonen og Helse-, sosial og barnevernsavdelinga. Frå kommunane deltok mellom anna beredskapskontaktar, kommuneoverlegar og ein del kommunedirektørar. Samlingar som dette er viktig for å dele kunnskap og styrke arbeidet med samfunnstryggleik på tvers av aktørane. Ekstremisme/radikalisering og totalforsvaret var hovudtemaa for dei to dagane.

Digital tryggleik
Jørgen Dyrhaug frå NSM (Nasjonal sikkerhetsmyndighet) opna samlinga med det han kalla ein undringstime om digital tryggleik. Hovudbodskapen hans var at vi ikkje forstår kompleksiteten i kva utfordringar, sårbarheiter og problem som det digitaliserte samfunnet fører med seg. Mens resten av samfunnet er gjennomregulert, er vår bruk av Internett regulert i svært i liten grad.

I eit beredskapsperspektiv er det viktig å reflektere over kva digitale avhengnadar vi har, og kva reserveløysingar som finst for å løyse oppgåvene når dei digitale systema fell bort. Vi må øve på å klare oss utan Internett. Som ein del av det må vi kjenne kva personar, verksemder og system vi er avhengig av i sanntid.

Mann holder foredrag
Bilete: Jørgen Dyrhaug frå NSM (Nasjonal sikkerhetsmyndighet) Foto: Sindre Andre Haug / Statsforvaltaren i Vestland.

Ekstremisme og radikalisering
Radikaliseringskontakt i Vest politidistrikt, Pål Tore Haga, opna bolken. Han har og vore medlem av ekstremismekommisjonen, og fortalte om arbeidet i den. Rapporten deira vart publisert i mars i år. Han trakk særleg fram behovet for meir kunnskap og kompetanse om radikalisering, og behovet for større grad av tverretatleg samarbeid, både på kommunalt og regionalt nivå. Han peikte på at eit viktig suksesskriterium er å ha gode system for deling av informasjon mellom ulike aktørar.
Rapporten til ekstremismekommisjonen kan de lese her.

Torgils Lutro, leiar i PST Vest, orienterte om arbeidet med ekstremisme og radikalisering i politidistriktet i dag, og snakka om kommunane si rolle i det. Med ansvaret for eit breitt spekter av tenester, har kommunane ei nøkkelrolle i å fange opp og hjelpe utsette personar. Sjølv om det gjerne er enkelte faktorar som meir enn andre aukar sjansen for å verte påverka av ekstremistar, gjer det gjennomdigitaliserte samfunnet at «alle» kan vere utsett for påverknad som kan føre til radikalisering.

Cecilie Nilsen, avdelingsleiar i barne- og familietenesta i Bergen kommune, fortalte om arbeidet kommunen gjer med å førebygge ekstremisme og radikalisering. Deira erfaring er at det er viktig med gode forbilde, og å tilby alternative arenaer og oppleving av meistring.

Eit sentralt ledd i arbeidet i Bergen er etableringa av ei mentorordning. Mentorane gjennomfører opplæring hjå RVTS, og ei viktig oppgåve er å vere eit bindeledd mellom personen som treng oppfølging og hjelpeapparatet rundt. Kommunen arbeider med å sikre eit stort mangfald i mentorgruppa, for at dei skal passe saman med dei som treng oppfølging.

Kollasj med tre personar
Bilete: radikaliseringskontakt Pål Tore Haga (Vest politidistrikt), leiar PST Vest Torgils Lutro og avdelingsleiar Cecilie Nilsen (barne- og familietenesta i Bergen kommune) Foto: Sindre Andre Haug / Statsforvaltaren i Vestland.

Samarbeid i kommunane
Siste bolk på dag ein tok føre seg samarbeid og beredskapsarbeid i kommunane. Kari Marie Kjellstad, leiar ved felles eining for førebygging i Vest politidistrikt, snakka om førebygging og samarbeid mellom politiet og kommunane. Ho trakk fram kommunane som den viktigaste samarbeidspartnaren til politiet i førebyggingsarbeidet. For å få til god samhandling er det viktig å kjenne kvarandre. Kommunane vert oppmoda til å nytte politikontaktane sine.

Vidare fekk vi høyre frå Bjørnafjorden kommune om korleis dei samhandlar med eksterne aktørar gjennom sitt kommunale beredskapsråd. Bømlo kommune fortalte om korleis dei har organisert beredskapsarbeidet i kommunen.

Avslutningsvis hadde Bård Flattun Lilleeng, kommuneoverlege i Sunnfjord, Fjaler og Hyllestad, eit oppspel til dag to, der totalforsvaret stod på agendaen. Han gav eit innblikk i det komplekse totalforsvarsarbeidet og den viktige rolla kommunane har i dette arbeidet. Han peikte m.a. på dei store utfordringane det vil vere for kommunane å levere grunnleggjande kritiske tenester i ein krigssituasjon, og kor viktig det vil vere for forsvaret av landet at slike tenester fungerer.

Totalforsvarsarbeidet i Vestland
Dag to var via til arbeidet med totalforsvaret. I mellom anna langtidsplanen for Forsvaret og statsbudsjettet, har Regjeringa peikt på behovet for å gi merksemd til planlegginga for å kunne møte eit væpna angrep mot Noreg. Regjeringa legg vekt på behovet for at alle sektorar støttar opp rundt den militære innsatsen for forsvaret av landet, innanfor rammene av totalforsvaret.

Hovudmerksemda i bolken var retta mot helsetenester i krig, med utgangspunkt i gap-analysane for helsetenester i krig i både spesialist- og primærhelsetenesta. Thomas Dag Iversen, beredskapsleiar i Helse Vest, orienterte om korleis dei arbeider med å følgje opp dei identifiserte gapa i spesialisthelsetenesta. Det vart totalt identifisert 55 tiltak for å lukke desse. Fylkeslege Kristin Cotta Schønberg orienterte om gap-analysen som Statsforvaltaren har utarbeidd for primærhelsetenesta. Begge analysane viser at knappe ressursar, særleg utstyr og personell, vil vere ei sentral utfordring for drift av helsetenestene i krig.

Menneske i auditorium
Bilete: sjefslege i Heimevernet Håkon Lund og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand. Foto: Christer Thomassen Furøy / Statsforvalteren i Vestland.

Forsvaret har avgrensa sanitetsressursar og vil vere heilt avhengig av dei sivile helsetenestene i krig. Sjeflege i Heimevernet, Håkon Lund, trakk mellom anna fram at NATO har revidert doktrinar for medisinsk støtte. Dei legg vekt på at det sivilt-militære samarbeidet er avgjerande for å lukkast. Det er difor viktig at helsetenestene er budd på å gjennomføre dei daglege oppgåvene under utfordrande forhold, som t.d. mangel på vatn, straum og personell, og klare for å handtere eit stort tal skadde som følgje av krigshandlingar. Kommunedirektør i Stord, Tommy Johansen, sa at arbeidet med gap-analysen på mange måtar hadde vore ein vekkar. Han etterlyste klare føringar frå staten om prioriteringar, og understreka behovet for å sikre at det sivile samfunnet går i takt i arbeidet med å ruste opp totalforsvaret.

Samlinga vart avslutta med ei paneldiskusjon om korleis vi kan lukke gapet mellom dagens tilstand og forventningar i krise og krig. Her vart det mellom anna diskutert behovet for samordning av ressursar, frivilligheita si rolle, prioriteringar og tenestenivå i helsetenestene, og korleis vi kan førebu befolkninga.

Takk til alle som deltok og bidrog i fagsamlinga 2024!

Menneske i auditorium med panel i front. Ein person rekker opp handa.
Bilete: fylkeslege Kristin Cotta Schønberg, sjefslege i Heimevernet Håkon Lund, beredskapsleiar Thomas Dag Iversen (Helse Vest) og kommunedirektør Tommy Johansen (Stord kommune). Foto: Sindre Andre Haug / Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.