Fagseminar CBRNE
Torsdag 26. september arrangerte Statsforvaltaren i samarbeid med Direktorat for strålevern og atomberedskap (DSA) eit øvings- og fagseminar om CBRNE med særleg vekt på atomberedskap i Førde.
Hovudmålet med samlinga var å auke den regionale evna til samvirke mellom involverte aktørar i regionen, og bestod av ein kombinasjon av faglege innlegg frå DSA, Statsforvaltaren, Helse Førde og Sivilforsvaret, og diskusjonsøving. Det var deltakarar får kommunar og naudetatane.
Scenario for øvinga var at ein reaktordriven isbrytar i trafikk utanfor kysten av Noreg, får teknisk problem, viker frå kursen sin og går på land. Ei slik hending vil føre til eit akutt behov for innsats for å redde liv og helse (redningsteneste), og gi samfunnsmessige konsekvensar som må handterast parallelt. Det er svært lågt sannsyn for at ei slik hending skal skje. I atomberedskapen er det er likevel viktig at vi òg trenar på dei hendingar som vi ikkje trur vil skje. Slik trening gir uansett viktig overføringsverdi for andre uønskte hendingar.
I diskusjonane etter øvinga kom det fram at det hjå mange aktørar er behov for meir kunnskap om handtering av uønskte nukleære og radiologiske hendingar, og materiell til å handtere desse som t.d. skjermings- og måleutstyr.