Reguleringsplan for Kokstaddalen oppheva
Planen for Kokstaddalen skal regulere næringsareal for mellom anna BKK og Posten Bring sin nye logistikkterminal. Statsforvaltaren har oppheva bystyret sitt reguleringsvedtak på grunn av manglande vurderingar etter naturmangfaldlova.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Areala er i hovudsak avsett til industri/kontor/lager i arealdelen til kommuneplanen ( KPA 2018). Reguleringsvedtaket er også i samsvar med gjeldande områdereguleringsplan, vedteken av bystyret i 2015.
Forum for natur og friluftsliv Hordaland (FNF) og naboar til planområdet, klaga på vedtaket.
Naturmangfaldlova gjeld i alle saker som råkar økosystem, naturtypar og arter, og set krav til sakshandsaminga ved utøvinga av offentleg mynde. Prinsippa i §§ 8 - 12 skal leggjast til grunn som retningsliner, og vurderingane og vektinga av desse opp mot utbyggjarinteressene skal gå fram av avgjerda.
I saksframstillinga til bystyret går det fram at planen vil ha negative konsekvensar for klima og natur, og at dette er i strid med internasjonale, nasjonale og lokale målsettingar om å sikre natur frå nedbygging og bidra til reduserte klimagassutslepp. Dette skjerper krava til kunnskapsgrunnlaget ytterlegare. I tillegg har kunnskapsgrunnlaget endra seg undervegs i planprosessen ved at enkelte raudlista (trua) arter endra status i november 2021.
Bystyret sitt vedtak var mangelfullt fordi det ikkje sa noko om kva for særlege naturverdiar som er registrerte i områda, og vektinga av desse opp mot aktuelle kritiske samfunnsfunksjonar. Dette gjeld særleg område I/L2 som, i motsetnad til I/L1, ikkje skal lokalisere kritiske funksjonar.
Vi kunne ikkje sjå bort frå at dei manglande vurderingane hadde betyding for innhaldet i bystyret sitt vedtak. Vedtaket vart derfor oppheva, og sendt tilbake til kommunen for ny handsaming.