Plan og bygg

Bilete av fleire naust i rekke, frå Eide i Sogndal kommune.
Oppdatert 20.12.2023

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå. 

Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Statsforvaltaren har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal vi sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Statsforvaltaren skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

10.04.2025

Livsmeistring for barn og unge

Vi inviterer til digital samling om korleis vi skapar gode livsvilkår og fremjar livsmeistring i kvardagen for barn og unge.


09.04.2025

Klimaendringar er tema for folkehelseprofilane 2025

Folkehelseprofilane for fylker, kommunar og bydelar er publisert.  


09.04.2025

E-læringskurs om barnets beste og barns rett til å bli høyrt

Plikta til å vurdere barnets beste er slått fast i Grunnlova, men korleis gjer vi det?


13.03.2025

Seminar om arealplanlegging og naturmangfald i sjø

10. april 2025 arrangerer Vestland fylkeskommune, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, eit seminar om korleis ivareta naturmangfald i sjø som ein del av arealplanlegginga. Seminaret er eit arrangement under One Ocean Week.


04.02.2025

Ny kunnskap om regnskog

Ny forsking og erfaringar om inngrep i nærleiken av regnskog tyder på at den truga skogtypen er meir sårbar enn kva vi tidlegare har trudd. Ein bør ta omsyn til denne sårbare naturtypen ved planlegging og gjennomføring av tiltak i nærleiken.


Oppdatert 11.12.2024

Velkomen til naturmangfaldveka 2025

Tirsdag den 14. januar til fredag den 17. januar 2025 inviterer vi på ny til digital naturmangfaldveke her i Vestland. Vi kan by på fagleg påfyll av både grønne og blå tema. Du kjem direkte inn i møtet via møtelenkjene i denne saka. 


06.09.2024

Plankonferansen 2024

Årets plankonferanse for Vestland blir arangert 5. og 6. november. I år er tema for konferansen "Omstilling til bærekraft - planlegging for grøn næringsutvikling".


13.08.2024

Nasjonal konferanse om Bu trygt heime

Husbanken og Helsedirektoratet inviterer til ein inspirerande dag om arbeidet med Bu trygt heime-satsinga 22. oktober frå 10.00 til 15.00.


03.07.2024

Gjer om stenginga av Hornelen Via Ferrata

Statsforvaltaren varsla før sommaren at vi ville vurdere stenginga av klatreløypa Hornelen Via Ferrata. Løyvet som Bremanger kommune gav til stenging av installasjonane, er no gjort om.


18.06.2024

Statsforvaltaren avviklar forsøksordninga

Vi rettar oss etter fråsegna frå Sivilombodet, og avviklar forsøksordninga om høyring av kommunale dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel