Hæreid er nemnd til plass i porteføljestyre i Forskningsrådet
Forskningsrådet har oppnemnt nye porteføljestyre. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid er nemnd opp til ein plass i porteføljestyret for demokrati, styring og fornyelse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.05.2019
Porteføljestyret for demokrati, styring og fornyelse har desse medlemmene:
- Eli Skogerbø, professor, Universitetet i Oslo (leder)
- Anne Cathrin Østebø, dagleg leiar, Validé
- Dag Arne Christensen, forskingsleiar, NORCE
- Eva Falleth, dekan, NMBU
- Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann, Fylkesmannen i Vestland
- Jørn Rangnes, regionaldirektør, Vestfold fylkeskommune
- Lise Hellebø Rykkja, professor, Universitetet i Bergen
- Matz Dahlberg, professor Uppsala universitet
- Mark Rhinard, professor Stockholms universitet
- Moa Bjørnsson, utviklingssjef, Træna kommune
- Olav Lysne, professor og direktør, SIMULA METROPOLITAN
Oppgåvene til porteføljestyra er å:
- bidra til å setje i verk forskings- og innovasjonspolitikken innanfor sitt ansvarsområde
- planleggje forskings- og innovasjonsaktivitetar
- avgjere tildeling av forskingsmidlar
- sikre effektar av investeringane
- gje råd til Forskingsrådets administrasjon.