Vi tilrår Frønningen naturreservat i Lærdal kommune

utsyn frå høgt punkt utover skogslandskap
Det har ikkje vore tilsvarande store område vi har verna gjennom frivillig skogvern i Vestland som Frønningen. Arealet er over 17 kvadratkilometer og grensar til både verdsarv og eksisterande verneområde. VI vurderer kandidatområdet til å ha nasjonal verneverdi. Foto: Rådgivende biologer v/Conrad Blanck.

Vi tilrår etablering av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Området er 17 238 dekar stort og er tilrådd etter dialog med grunneigar. Arealet husar svært gamal skog over eit stort areal og bidreg til målet om å ta vare på representativ og verdifull natur for framtidige generasjonar. 

Publisert 14.06.2024

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Frønningen naturreservat i Lærdal kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 17 238 dekar, der 7155 dekar er registrert som skogdekt.

Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern, og det er Norskog som har forhandla med staten på vegner av han.

liggjande daudt, krokete furutre i grøn lyng
Kandidatområdet for frivillig skogvern på Frønningen husar daud ved i alle nedbrytingsfasar. Data frå NTNU dokumenterer at enkelttre starta å spire allereie på 1100-talet, om lag den tida då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Rundt kandidatområdet, langs dei eksisterande verneområdegrensene, ligg UNESCO sitt verdsarvområde Vestnorsk fjordlandskap. Frønningen husar uvanleg gamle furutre som byrja å gro allereie då Urnes stavkyrkje vart bygd og slaget på Fimreite avgjorde kongemakta i Noreg.

Intakt areal tilgrensande verdsarv og landskapsvern

Oppretting av Frønningen naturreservat vil bidra til å nå internasjonale mål og forpliktingar, nedfelt i konvensjonen for biologisk mangfald om eit samanhengande verneområde-nettverk. Ved å verne naturen mot ulike typar inngrep gir verneområdet eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald.

Frønningen vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog. Det tilrådde verneområdet består av gamal boreal barskog og vil inngå i eit større nettverk av verneområde i Indre Sogn. Vern av skogen bidreg til å redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre dette nettverket av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem.

Fururot med svarte felt og bærlyng ved foten
Furu toler påverknad frå brann betre enn dei fleste andre treslag, og på Frønningen kan vi sjå spor etter tidlegare tiders skogbrannar. Barken på furu vernar treet mot varmen og flammane, og høge tre med tjukk bark lever vidare i brannråka område. Tre med brannspor er levestad for spesialiserte insekt og lavartar. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Omtale av interessser som til dømes friluftsliv, kraftliner, med meir er å lese i tilrådinga.

I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i Sogn Avis og i Porten. 

Vi tilrår å opprette Frønningen naturreservat

Det kom inn fleire innspel til verneprosessen. I tilrådinga ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til disse. Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD før vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i løpet av året. 

Vernekart og verneforskrift er tilgjengeleg bak i tilrådinga vår som ligg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.

store tre med litt disig luft og en kvinne som står på bakken og undersøker stammen
Store, intakte skogområde med høg alder og store tre gjev livsgrunnlag for sjeldne, truga og sårbare artar. Jo større tre, jo betre plass til ulike nisjer og artar som trivst der. Storleik er også ein viktig kvalitet i verneområde fordi store område dekker fleire nisjer og er meir robuste for omkringsliggjande endringar enn små område. Foto: Statsforvaltaren v/ Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.