Bli besøkssenter på vestsida av Jotunheimen?
Eit besøkssenter for nasjonalpark skal spreie kunnskap og skape merksemd om natur, verneområde og friluftsliv. Fram til 12. april 2023 kan kandidatar søkje Miljødirektoratet om autorisasjon for å bli besøkssenter på Jotunheimens vestside.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utlysinga er i tråd med budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for 2023 og vedteke budsjett 2023. Det er sett av 1 500 000 kr til eit senter for autorisasjon i 2023 for nasjonalparksenter på vestsida av Jotunheimen. Utlysinga gjeld også for autorsasjon av besøkssenter på vestsida av Reinheimen nasjonalpark.
Besøkssentera skal spreie kunnskap og skape merksemd om sitt fagfelt. Dei skal bidra til lokal, berekraftig verdiskaping gjennom måten dei vert drive på.
Dette vert gjort ved å:
-
Inspirere folk til å ville lære meir om det spesifikke fagfeltet til senteret gjennom å tilrettelegge informasjon og gje besøkande gode opplevingar.
-
Legge til rette for godt samspill med lokale aktørar for å utvikle berekraftige aktivitetar utenfor og i verneområder.
Eit besøkssenter for nasjonalpark skal spesielt formidle informasjon om nasjonalparkar og andre verna område, både nasjonalt og internasjonalt. Sentera har eit særleg ansvar for å formidle verneverdiane også i nærliggande verneområda. Dei skal også stimulere til berekraftig bruk av nasjonalparkar, annan natur, og til friluftsliv.
Meir informasjon og kriterium for besøkssenter for nasjonalpark kan du finne ved å følgje denne lenkja Autorisasjon for nasjonalparksenter Jotunheimen vest. Det er Miljødirektoratet som handsamar søknadar og autoriserer besøkssentre.