Fylkesmannen ønskjer tilbod på føreundersøkingar for restaurering av myr
Myra det gjeld er på Austneset i Sørværet naturreservat i Askvoll. Frist for å gje tilbod er måndag 11.11.2019 kl.12.00.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Over heile landet vert no våtmarker i verneområde sette i stand att etter tidlegare inngrep. Målet er å attskape natur, og å snu CO2-utslepp til opptak.
I Sørværet naturreservat i Askvoll har ei lita tjørn i si tid vorte drenert med ei grøft. Det er likevel ikkje berre rundt tjørna at torva i området ser ut til å tørke opp. Før det vert igangsett restaureringstiltak, ønskjer Fylkesmannen å vite meir om prosessane som pågår i dette landskapet, naturlege og/eller menneskeskapte, og kva naturtilstand som bør vere målet for eventuell restaurering. Kvifor er det tjukke torvlag, men utan levande torvmose i toppen? Kva kan djupneundersøkingar i torva fortelje om kva som har skjedd?
Fylkesmannen ønskjer betre grunnlag for å forvalte eit nasjonalt verdifullt myrområde som også er nasjonalt verdifull kystlynghei. Invitasjon 28.10.2019 gjekk til nokre institusjonar som har relevant kompetanse, men det er ope for fleire til å melde si interesse og gje tilbod på like vilkår.
Frist for å gje tilbod er måndag 11.11.2019 kl. 12.00.