Forslag om å opprette Stemnebøskogen naturreservat i Gulen kommune
Fylkesmannen har sendt si tilråding til Miljødirektoratet om å opprette Stemnebøskogen naturreservat på Hisarøyna i Gulen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.12.2019
Stemnebøskogen naturreservat
Grunneigarane i området har underskrive avtale om oppretting av naturreservat.
Det planlagde verneområdet omfattar i alt omlag 1365 dekar og består av teigar som høyrer til gnr./bnr. 113/1, 113/2, 113/3, 113/4 og 113/5 i Gulen kommune. Det er store verneverdiar knytt til skog her.
Etter innspel i høyringsrunden, vart grensa for naturreservatet endra litt i søraust.
Frivillig skogvern i Noreg
I Noreg har vi eit mål om at 10 % av skogen vår skal vernast. Arbeidet med å opprette naturreservat i skog gjennom frivillig vern har høg prioritet i Regjeringa.
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47