Den viktige kantvegetasjonen langs vassdraga våre
Kantvegetasjonen langs vassdrag er av stor verdi, og har mange viktige funksjonar for både natur og folk. Det er difor ikkje lov å fjerne kantvegetasjon utan løyve frå Statsforvaltaren.
Langs alle vassdrag med årssikker vassføring skal det oppretthaldast eit naturleg belte av kantvegetasjon, jf. vassressurslova § 11. Så kva er kantvegetasjon? Og kvifor er den så viktig?
Naturleg vegetasjonsbelte
Langs alle bekkar, elver, innsjøar og små vatn vil det alltid vekse eit belte av skog/busker/urter/gras. Kva artar som veks der, er avhengig av kvar i landet du er. På fjellet er vegetasjonen kanskje sparsom, medan kantvegetasjonen i låglandet kan vere tett som i ein jungel.
Kantvegetasjon har mange funksjonar
Kantvegetasjon er leveområde til mange dyr og planter, og er ein viktig del av næringsgrunnlaget for mange artar. Vegetasjonen langs vassdraga fungerer òg som vandrings- og spreiingskorridor for fleire artar av insekt, fugl og hjortedyr.
Kantvegetasjon bidreg med skjul og skugge i og langs vassdrag. Noko som er viktig for til dømes akvatiske organismar som elvemusling og fisk. I små bekkar kan soloppvarminga vere betydeleg. For høg vasstemperatur kan få negativ verknad på vekst, utvikling og overleving av larver, og yngel av fisk.
Kantvegetasjon bidrar til å fange opp næringssalt og kan redusere avrenning til vassdrag. Den kan redusere erosjon langs elve- og innsjøbreidder. Røter av tre og busker bind og held på jorda, og eit breitt belte av kantvegetasjon kan redusere skader ved flaum. Blant anna ved at mindre vatn når inn på dyrka mark eller inn til busetnad.
Og kantvegetasjon er eit landskapselement og ein grønn korridor for rekreasjon.
Funksjonen til kantvegetasjonen kan vere ulik for innsjø og rennande vatn. I rennande vatn er til dømes mykje av næringsgrunnlaget basert på kantvegetasjon og nedfall frå denne. Medan det ikkje er avgjerande for innsjø.
Kven er ansvarleg for kva?
- Grunneigar er ansvarleg for å oppretthalde kantvegetasjonen.
- Kommunen skal ivareta kantvegetasjonen i planlegginga etter plan- og bygningslova, fastsette breidda på kantvegetasjonen om nokon krev det etter vassressurslova, og ivareta kantvegetasjon i handsaming av saker etter nydyrkingsforskrifta.
- Statsforvaltaren kan i særlege tilfeller gje løyve til å fråvike kravet om å oppretthalde kantvegetasjon. Som regel er det då snakk om løyve til mellombels fjerning, med vilkår om reetablering av kantvegetasjonen etterpå.
- NVE følgjer opp brot på vassressurslova § 11 om kantvegetasjon. Og har verkemiddel som pålegg om retting, tvangsmulkt, overtredelsesgebyr og stans av ulovleg verksemd.
Breidda på kantvegetasjonsbeltet
Kor brei kantvegetasjonsbeltet skal vere, er avhengig av vassdrag, topografi osv. Den skal vere så brei at alle naturlege funksjonar vert opprettheldne. Då seier det seg sjølv av kantvegetasjonen må ha ei viss breidde. Til dømes vil flaummarkskog med ei breidde på 10 meter ta opp meir enn 3/4 av avrenning frå terrenget, og kan redusere forureining til vassdrag.
Kommunen kan fastsette breidda på kantvegetasjonsbeltet langs eit vassdrag i plan. Ein kommune kan aldri sette breidda på kantvegetasjon lik null meter. Det er berre Statsforvaltaren som kan frita frå kravet om å oppretthalde kantvegetasjon.
Skjøtsel
Det er ikkje det enkelte treet i kantvegetasjonen som er verna, men funksjonen. Kantvegetasjon kan både haustast og skjøttast gjennom selektiv hogst. Så lenge uttaket ikkje reduserer funksjonane kantvegetasjonen er meint å oppretthalde, er ikkje tiltaket søknadspliktig. Ein god tommelfingerregel ved skjøtsel, er at ein ikkje kan sjå etterpå at det har vore gjennomført hogst.
Søknadsskjema
Når du skal søkje om å fjerne kantvegetasjon, kan du bruke skjema som det er lenkja til i denne saka. Søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no