Ta omsyn til hekkande sjøfuglar!
Sjøfuglane er i sterk tilbakegang, og det er viktig at alle respekterer ferdselsforbodet i sjøfuglreservata frå april og ut juli.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ved hundreårsskiftet skjedde ein økologisk kollaps i Nordsjøen som førte til at viktige fiskestammar blei sterkt reduserte. Dette fekk ringverknader i økosystemet som m.a. førte til at sjøfuglane dei første åra etter kollapsen i liten grad fekk ungar på vengene.
Næringsmangelen for sjøfuglane på Vestlandet har no vart i 20 år, og hekkebestandane av alle artar sjøfuglar er sterkt reduserte. Nokre artar er borte eller i ferd med å forsvinne, som havhest, tjuvjo og krykkje, og dei fleste andre har fått hekkebestandane reduserte med 50-80%.
I ein situasjon med reduserte sjøfuglbestandar og liten reproduksjon er det svært viktig at dei få fuglane som faktisk går til hekking får vere i fred. I Vestland fylke er det ferdselsforbod i sjøfuglreservata frå april og ut juli månad, og det er i denne perioden ikkje lov å gå i land eller ferdast nærare holmar og skjer enn 50 meter (10 meter i nokre av dei større sjøfuglreservata i Sogn og Fjordane). Det er gjort nokre unntak for naudsynt tilsyn med sauar på beite, og for fiskeregistrerte båtar.
Dei viktigaste hekkeområda er verna som sjøfuglreservat, men i tillegg hekkar det sjøfuglar og andre artar på fleire andre øyer, holmar og skjer i fylket. Det er sjølvsagt viktig at også desse får fred i hekketida, og at ein trekk seg stille tilbake dersom ein finn reir eller rugande fuglar.
Ternene var blant dei sjøfuglane som først forsvann frå Vestlandet, men etter fleire års fråvere har dei begynt å kome tilbake nokre stader. Det vil likevel ta mange år før vi igjen kan høyre terneskrik langs kysten som før - om det vil skje i det heile. Foto Tore Larsen
Kontaktpersonar
-
Tore Larsen
Tlf: 57 64 31 26 / 90 84 69 42 -
Stein Byrkjeland
Tlf: 55 57 21 14 / 90 09 36 15