Langt mellom lyspunkta hos sjøfuglane

ein fugl flyg mot blå himmel
Sjølv om sjøfuglane som er avhengig av småfisk har gått gradvis nedover dei siste 30-04 åra, har inntil ganske nyleg ærfuglane klart å halde bestanden stabil. Det er fordi ærfugl har ein meir variert diett, mellom anna av blåskjel. No slit diverre denne arten også. Foto: Terje Haugland.

Lenge såg ærfuglen ut til å ikkje følgje den nedadgåande utviklinga til andre sjøfuglartar, men no syner tellingane eit gjennomsnittleg årleg fall på tjue prosent. Tilstanden hos sjøfuglane våre illustrerer at det er langt mellom lyspunkta for naturmangfaldet.

Publisert 22.05.2024

Årlege teljingar viser utviklinga over tid

Kvart år sidan 2000 har Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), i samarbeid med Statens Naturoppsyn og Statsforvaltaren i Vestland, kartlagt hekkebestanden av ærfugl i eit stort registreringsområde utanfor Bergen. Registreringsområdet omfattar heile kystsona i Askøy kommune og store delar av kystsona i dagens Øygarden kommune. Totalt utgjer dette 654 km kystline.

Tabell
Registrert ærfugl i Hordaland mellom år 2000 til 2024 syner ein dramatisk reduksjon i bestandane. Vi har grunn til å tru at færre blåskjel er ei av fleire årsaker til denne utviklinga.

Noko dramatisk har skjedd med sjøfuglbestandane 

Fram til omkring 2010 heldt ærfuglbestanden seg relativt stabilt på eit høgt nivå. Deretter har vi sett ein kraftig nedgang frå år til år, i snitt om lag 20% frå eitt år til det neste. Årets tal viser ein tilbakegang på 21% samanlikna med i fjor. Særleg sterk er nedgangen i dei ytre kyststroka, i den delen av Øygarden som tidlegare var Sund kommune. Dette var tidlegare det viktigaste einskildområdet for denne arten. I dag er førekomsten her heilt marginal.

Bestandsutviklinga hos sjøfuglane er kopla til mangel på småfisk

Vi har sett ein kraftig nedgang i dei fleste sjøfuglbestandane på Vestlandskysten dei siste 30 - 40 åra. Denne bestandsutviklinga har vore kopla til næringssvikt, primært for dei sjøfuglartane som er avhengige av småfisk til næring. Ved å følgje denne lenkja kan du lese fleire av artiklane våre om bestandsutviklinga hos sjøfugl i fylket. 

Ærfuglen et ikkje fisk og har ikkje vore råka av dei same negative faktorane som gjeld for mellom anna måsar, terner, toppskarv og teist. Ærfuglen livnærer seg i staden på eit breitt utval av marine organismar, i særleg grad blåskjel der dette er tilgjengeleg. No har tilbakegangen også kome til denne arten, sjølv om vi framleis har livskraftige bestandar fleire stader på kysten vår.

ein fiskar dreg garn opp i båten sin med døde ender i
Fuglane våre møter mange utfordringar, ikkje berre i mangel på mat, men også i form av mangel på hekkeplassar og menneskjeleg bruk av naturen. Foto: Terje Haugland.

Kristisk låge teljingar for unge hannar

Om tilbakegangen held fram i same takt som vi no ser, er det likevel ikkje langt fram før bestanden vert kritisk låg. Det er i så fall endå eit varsel om effektane av den pågåande naturkrisa. Unge hannar (som vart fødde i fjor) er mogleg å skilje frå eldre ærfuglhannar. I år vart det berre registrert 27 slike fuglar i referanseområdet. Om overlevinga til hoene det første leveåret er like stor som for hannane, betyr dette at rekrutteringa det siste året var like i overkant av 50 individ. Dette er altså for lite til å oppretthalde ein stabil bestand.

Sjølv om tal unge hannar av ærfugl varierer noko frå år til år, er det lita tvil kor utviklinga peikar. Ærfuglen er i fritt fall.

Dårlege tider også for svartbaken

Ein annan typisk vestlending blant fuglane er svartbaken. Denne store måsen er faktisk så typisk norsk at den har status som norsk ansvarsart. Det betyr at Noreg har meir enn 25% av den totale bestanden i Europa. Den norske bestanden av svartbak utgjer 31% av bestanden på kontinentet vårt.

Svartbaken kan hekke både i koloniar og aleine (på fagspråket omtalt som solitært). Med utgangspunkt i koloniane i sjøfuglreservata våre har vi hatt inntrykk av at svartbakbestanden over tid har vore relativt stabil.

I referanseområdet for ærfugl hekkar dei fleste svartbakane solitært. Her talde vi bestanden i 2011 og fann i alt 327 hekkepar. Vi gjorde ei tilsvarande oppteljing i 2024 og fann no berre halvparten av tidlegare registreringar.

Alt heng saman med alt, særleg i økosystema

Tala for svartbaken er eigentleg ikkje så overraskande. Svartbaken er langt på veg ein toppredator på Vestlandskysten og livnærer seg av det den får tak i. Dette inkluderer også ungar av andre sjøfuglartar. Når dei marine økosystema vert gradvis utarma, og andre sjøfuglbestandar går raskt nedover, vil dette naturleg nok også få følgjer for artar høgt oppe i næringskjeda som svartbaken.

ein ærfugl titter ut mellom grøne blader der den ligg på reiret sitt
Samspelet mellom menneskje og ærfugl er ei viktig årsak til at Vega hamna på verdsarvlista til Unesco. Her ligg ærfuglen på reiret sitt og myter fjær slik at egga skal halde seg varme. Også nasjonalt viser forskninga at ærfuglbestandane har blitt redusert med 80 % dei siste førti åra. Foto: Tore Larsen.

Den pågåande naturkrisa skjer akkurat no rundt holmer og skjer i fylket vårt

I dag er den internasjonale dagen for biologisk mangfald, og FNs naturpanel melder at aldri tidlegare har naturmangfaldet vore så truga av menneskjeleg aktivitet som i dag. Vi vestlendingar er stolte av kysten vår. Det har vi god grunn til, men diverre gjer den pågåande naturkrisa seg sterkt gjeldande også her. Årsakene til at sjøfugl og mange andre artar i kystnaturen går tilbake er mange, og ikkje alltid godt klarlagde. 

Det er viktig å overvake situasjonen, og setje i verk tiltak for å betre situasjonen der vi kan få positiv effekt. Vi kjenner tilstanden for ærfuglen. Dei andre sjøfuglane i Vestland skal kartleggjast på nytt i juni.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.