Kartlegging av fuktskog i sommar

Skog i våtmark og andre fuktige område er blant dei mest truga skogtypane i Noreg, og det er viktig å få kartlagt dei restane som finst igjen. Tre område vil bli undersøkte i Vestland fylke i sommar.

Publisert 21.06.2024

Det blir stadig mindre igjen av flaummarkskog og andre skogtypar knytte til vassdrag og fuktige område. Det har derfor blitt fokusert på å få kartlagt dei restane som finst igjen, og slik kartlegging blei sist gjort i Vestland i 2022. I år blir det ein ny runde med kartlegging, der 37 lokalitetar over heile landet er plukka ut. Tre av desse ligg i Vestland fylke.

Målet med kartlegginga er å bidra til meir informasjon om naturverdiane i fuktskog, og gje eit betre grunnlag for forvaltinga av det biologiske mangfaldet i desse skogtypane. Alle dei tre områda som skal kartleggast i Vestland fylke i år er flaummarkskog, som er kjent som ein av dei mest artsrike naturtypane i Noreg. Der elvene våre ikkje er utretta og forbygde med vollar langs kantane, kan elvevatn framleis breie seg innover i desse skogane når det er flaumsesong.

Dette fører til eit tilsynelatande virvar av velta trestammar, daude tre og vassfylte flaumkanalar, og med dette kjem eit yrande liv av mosar, lav, sopp, insekt og fuglar. Men det er ikkje mange igjen av desse skogane, for det meste av kantskogen langs elvene no har vakse opp på elveforbyggingar og har ikkje noko med flaummarkskog å gjere.

Undersøkingar av insektmangfaldet i flaummarkskog i Lærdal har tidlegare bidrege til å gje eit innblikk i artsrikdomen i desse skogane: På eit lite område i Skogen der sideelva Nivla renn ut i Lærdalselva blei det funne 260 artar av  sommarfuglar, og så mange artar av andre insektgrupper at materialet måtte spreiast til ekspertar rundt om i Noreg og andre land for å kome gjennom alt saman. Fleire nye artar for Noreg blei påvist.

Døme på svært artsrik flaummarkskog ved Sløgrandane i Lærdal. Foto Tore Larsen

Denne gongen er det ein lokalitet i Gloppen og to i Aurland som vil bli kartlagde. Grunneigarane vil bli orienterte i brev.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar