Natursats: Kommunar kan søkje om tilskot til å betre naturmangfaldet
Miljødirektoratet informerer om at kommunar kan søkje om tilskot til tiltak som bidreg til å ivaretake og betre tilstanden for naturmangfaldet. Du kan søkje frå 1. mars, og søknadsfristen er sett til 5. april!
Publisert 23.02.2024, Sist endra 23.02.2024
Endringar i arealbruk, forureining og klimaendringar er dei største påverknadsfaktorane på naturen. Kommunane har ei sentral rolle i arealforvaltninga, og har eit stort ansvar for å ivareta naturmangfaldet.
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47