Framlegg om skogvern - Stemnebøskogen naturreservat
Fylkesmannen i Vestland melder med dette at vi har sendt på høyring eit framlegg om å opprette Stemnebøskogen naturreservat på Hisarøyna i Gulen i Sogn og Fjordane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 13.09.2019
Framlegget er ein del av arbeidet med frivillig skogvern etter naturmangfaldlova, som Regjeringa har prioritert.
Frist for å kome fråsegn til framlegget er sett til 15. november 2019. Vedtak om oppretting vil skje ved Kgl. Res. i Regjeringa.
Området inneheld store naturverdiar, der særleg skal nemnast kystfuruskog med boreal regnskog og fleire raudlista lavartar.
For nærare opplysningar kontakt sakshandsamar hos Fylkesmannen, seniorrådgivar Tom Dybwad, tlf. 57 64 31 23
Kontaktpersonar
-
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 / 41 56 38 47