Invitasjon til nettbaserte kurs om motorferdsel i utmark
Statsforvaltaren i Troms og Finnmark arrangerer kurs for alle kommunane i Norge. Tema er klagesaks- og rettsavgjerder frå dei siste åra for motorisert ferdsel på vinterføre og på barmark.
Publisert 05.03.2025

Kursa passar for administrasjon og politikarar som vurderer saker om motorferdsel i utmark. I begge kursa vert det gjennomgått konkrete døme som illustrerer korleis regelverket skal tolkast. Vi trur mange kommunar vil kunne ha stort utbyte av dette.
Seminar om motorferdsel på vinterføre
Tidspunkt: onsdag 26. mars 2025 kl. 12.00–13.00.
For meir informasjon om kurset for motorferdsel på vinterføre og for påmelding, trykk her.
Seminar om motorferdsel på barmark
Tidspunkt: onsdag 2. april 2025 kl. 12.00-13.30.
For meir infomasjon om kurs om motorferdsel på barmark og for påmelding, trykk her.