Kunngjering endra løyve Hilleren Eiendom - gnr/bnr 128/2 i Bergen
Hilleren Eiendom AS fekk 16. mai 2024 endra løyve etter forureiningslova til anleggsarbeider i sjø. Formålet er å etablere ny kai med auka seglingsdjupne.
Publisert 16.05.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/6889.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35