Kunngjering av løyve til utslepp frå anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune - Rv. 555 Sotrasambandet
Statens vegvesen fekk 30. mai 2024 løyve etter forureiningslova til utlepp i anleggsfasen i samband med bygging av Straumetunnelen i Øygarden kommune. Løyvet gjeld arbeid i samband med etablering av ny Rv. 555 Sotrasambandet.
Publisert 30.05.2024
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/16835.