Kunngjering av løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Kvassneset avløpsreinseanlegg i Alver kommune

Alver kommune fekk 7. november 2024 løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Knarvik tettbygde område.

Publisert 08.11.2024

Løyvet gjeld etablering av eit nytt reinseanlegg på Kvassneset som skal erstatte dei eksisterande reinseanlegga i Knarvik tettbygde område. Anlegget inneber ei viktig oppgradering av avløpsanlegga i kommunen og vil innebere betydeleg reduserte utslepp av avløpsvatn frå området. Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg ved denne nettsaka og på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.