Kunngjering av løyve til utfylling i sjø i Eidfjord sentrum for Eidfjord kommune
Statsforvaltaren i Vestland gav 27. september 2024 løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø i Eidfjord sentrum til Eidfjord kommune. Formålet med tiltaket er å etablera eit nytt torg ein ny sjøpromenade og forlenge eksisterande kai.
Publisert 27.09.2024
Søknad og løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2024/11173.