Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune

Statsforvaltaren i Vestland gir Hardanger Biogass AS løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune. Løyvet er datert 29. november 2024. 

Publisert 16.12.2024

Verksemda har søkt om å ta imot husdyrgjødsel frå storfe, fiskeslam, fiskeensilasje, frityrolje/feitt frå feittutskiljarar og glykol. 

Vi har gitt løyve til at biogassanlegget kan ta imot kjeldesortert kjøkken- og matavfall frå stor- og småhushaldningar (begrensa til frityrolje/feitt frå feittuskiljarar), husdyrgjødsel, fiskeensilasje og fiskeslam.  

Prosessane i biogassanlegget vil skape lukt. Det er i løyvet difor sett krav om innelukking av mottak og prosessar, og reinsing av luft som vert sleppt ut frå anlegget. 

Biogassanlegget har ikkje utslepp til vatn direkte frå anlegget. Bioresten inneheld næringsstoff som kan forureine vassdrag dersom bioresten vert brukt i større mengder enn det plantene har behov for. Det er difor sett vilkår som sikrar at avfallet som vert levert til anlegget vert materialgjenvunne, og at bruk av biorest ikkje fører til forureining. 

Løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2023/15542. Dersom det er andre som bør varslast om vedtaket ber vi om tilbakemelding.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.