Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø Fitjar Mekaniske verksted
Fitjar Mekaniske verksted fekk løyve etter forureiningslova den 29. august 2024 til utfylling i sjø på verftseigedomen gnr/bnr 65/71 i Fitjar kommune
Publisert 29.08.2024
Formålet med tiltaket er utviding av skipsverftet i samsvar med nyleg godkjend reguleringsplansendring.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2022/9887.