Kunngjering av løyve til anleggsarbeid i sjø - utviding av Flåm cruisekai for etablering av landstraum
Aurland Hamnevesen KF fekk 24. juni 2024 løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid i sjø. Føremålet med tiltaket er å utvide Flåm cruisekai for å tilretteleggja for landstraum til cruiseskipa.
Publisert 24.06.2024
Anleggsarbeida skal skje utanom perioden for ut- og innvandring av anadrom fisk og bak siltgardin/partikkelsperre.
Søknad om løyve og løyvet med vilkår ligg til høgre på denne sida. Løyvet ligg òg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummer 2024/3113.
Kontaktpersonar
-
Magne Nesse
Tlf: 55 57 23 35