Kunngjering – Løyve til utslepp frå anleggsarbeid i samband med bygging av Kletten gang- og sykkeltunnel
Statens vegvesen har 3. mai 2021 fått løyve etter forureiningslova til mellombels utslepp i samband med bygging av Kletten gang- og sykkeltunnel i Førde i Sunnfjord kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.05.2021
Brev med vurdering av saka og løyve med vilkår ligg på www.norskeutslipp.no.
Rett til å klage
Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.