Søk Klimasatsstøtte for 2025

Klimasats er ei tilskotsordning for å fremme lokale klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar.

Publisert 25.11.2024

Midlane går til prosjekt som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til omstilling til eit lågutsleppsamfunn. Det er satt av 8,1 millionar kronar til ordninga i 2025.

Søknadsfrist er 15 januar 2025. 

Merk at i denne søknadsrunden støttes berre tiltak som gir direkte reduksjon i utslepp av klimagassar. Kommunar og fylkeskommunar kan sende ein søknad, men kan eventuelt vere samarbeidskommune i fleire søknader.

Dersom Stortinget aukar støtta til Klimasatsordninga gjennom revidert nasjonalbudsjett, vil det komme fleire utlysingar i 2025, der også kriteria for å få støtte til tiltak kan bli endra.

Klimasats - støtte til lokale klimatiltak - miljodirektoratet.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.