Klima

Oppdatert 18.11.2024

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova. Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Statsforvaltaren skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Statsforvaltaren har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. 

Statsforvaltaren skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Statsforvaltaren rettleiar og kan komme med motsegn. Statsforvaltaren har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Statsforvaltaren kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 25.11.2024

Søk Klimasatsstøtte for 2025

Klimasats er ei tilskotsordning for å fremme lokale klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar.


Publisert 03.09.2024

Fagleg påfyll med klima- og naturwebinar

Korleis ta omsyn til klima og natur i planlegging i kommuner, fylkeskommune eller regional forvaltning? Fem nye webinar kjem i haust med ulike relevante tema, og første går av stabelen den 17. september. 


Publisert 29.02.2024

Høyringssvar til Klimautvalget 2050

Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Klimautvalet 2050 hadde som mandat å greie ut kva vegval Noreg står overfor for å nå dette målet. Statsforvaltaren i Vestland er samd i vurderingane frå utvalet i rapporten.


Publisert 12.01.2024, Sist endra 12.01.2024

Tilskot til lokale klimatiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan no søkje om tilskot til tiltak for reduksjon av klimagassar og klimatilpassing. I år blir kommunane oppmoda spesielt til å søkje om midlar til arealplanlegging som fremjar arealnøytralitet og tek var på karbonrike areal. Det er Miljødirektoratet som forvaltar ordningane og fordelar midlane.


Publisert 18.12.2023

Søk klimasats-støtte for 2024

Miljødirektoratet arrangerer webinar 19. desember for kommunar og fylkeskommunar som vil søkje Klimasats-støtte i 2024


Publisert 16.12.2022

Opptak og presentasjonar frå Klimasamling for kommunane i Vestland

I november og desember vart det arrangert klimasamling for kommunane i Vestland for å styrke arbeidet med utsleppskutt. Opptak og presentasjonar frå samlinga ligg no ute. 


Publisert 08.09.2021

Kommunane kan søkje midlar til ladepunkt og andre klimasatstiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan framleis søkje om tilskot for å redusere utslepp av klimagassar. Det er sett av 30 millionar til siste runde av utdelinga i 2021. Fristen for å søkje er 15. november. 


Publisert 25.08.2021

Klimautfordringane er sentrale i kommunal planlegging

Statsforvaltaren har nyleg sendt eit forventningsbrev til kommunane, som samanfattar viktige punkt i kommunane sitt arbeid med klimaomstilling.


Publisert 23.06.2021

Regelverk nydyrking - endringar

Stortinget vedtok 31. mai 2021 endring av regelverket om nydyrking. Konsekvensane av vedtaket må utgreiast så endringa har ikkje tredt i kraft. Gjeldande regelverk om forbod mot nydyrking av myr står framleis ved lag.


Publisert 13.04.2021

Klimaomstillingskonferansen 2021

Torsdag 29. april arrangerer vi årets utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2021