Andre årsrapport frå overvakingsprogrammet i Måløy er klar

Miljøovervakinga i Måløy-området viser stabile forhold i 2024, med gode oksygennivå og låge konsentrasjonar av næringgssalter i dei fleste vassførekomstane.
Overvakingsprogrammet i Måløy går no inn i sitt andre av tre år, og den nyaste årsrapporten er tilgjengeleg. Undersøkingane i 2024 omfatta berre vassprøvetaking med analyser av næringssalt, siktedjupn og hydrografimålingar, inkludert fluorescensmålingar som eit mål på klorofyll a. Rapporten byggjer vidare på data innhenta i 2023 og gir eit oppdatert bilete av miljøtilstanden i vassførekomstane i området.
Oppsummering
Overvakingsresultata frå 2024 samsvarer i stor grad med 2023, noko som indikerer stabile miljøforhold i vassførekomstane rundt Måløy. Oksygennivåa er stort sett gode, men Skavøypollen fortsetter å ha reduserte oksygenforhold, truleg grunna avgrensa vassutskifting. Næringssaltkonsentrasjonene er låge, og klorofyll a-dataene viser ei typisk våroppblomstring i mars. Overvakingsprogrammet fortset i 2025, og den endelege vurderinga av miljøtilstanden vil bli meir heilskapleg etter at data frå alle tre åra er analysert.
Hovedfunn:
Hydrografi og vasskvalitet
-
Siktedjup og næringssalter:
- Lite variasjon mellom stasjonane begge år.
- Gjennomsnittsnivåer tilsvarande gode tilstandsklassar i alle vassførekomstar.
- Unntak: Siktedjup ved Vågsfj.1 målt 13. august 2024 tilsvarte moderat tilstand (TK III).
-
Oksygenforhold:
- Gode oksygenforhold i Ulvesundet-Raudeberg, Ulvesundet-Måløy og Vågsfjorden begge år.
- Skavøypollen hadde reduserte oksygenforhold begge år, sannsynlegvis grunna dårleg vassutskifting forårsaka av topografien.
Klorofyll a (fluorescensmålinger)
- Generelt låge nivåer i begge år.
- Høgare fluorescensnivåer 25. mars begge år, noko som truleg indikerer ei naturlig våroppblomstring av alger.
Ein del av oversikten over miljøtilstanden i kystvatn i Vestland
Undersøkingane i Måløy er ein del av eit større nettverk av overvakingsprogram i Vestland som skal gi ei samanhengande og omfattande oversikt over den økologiske og kjemiske tilstanden i kystvassførekomstane. Meir informasjon om dette arbeidet, og alle rapportane, finn du i nettsaka vår om overvaking av miljøtilhøva i kystvatn.