Tiltak hjelper å redusere plast i elvene

landbruksplast heng i eit tre langs ei elveside
Det er framleis mykje plast i elvene som er undersøkt av NORCE i år, men det er mindre enn for fire år sida. Tiltak som innsamling av landbruksplast og opprydding i og langs elvekantar bidreg positivt. Foto: NORCE/ Gaute Velle.

Det er gjort funn av plast i dei fleste av dei undersøkte vassdraga frå ei ny kartlegging. Tiltak som opprydding og systematisk innsamling har positive effektar, særleg i landbruksområde. Lokale tiltak kan ha rask og merkbar effekt på miljøet.

Publisert 04.09.2024

NORCE har gjennomført ei oppfølgande kartlegging av plast i elvar. Dette er er ei vidareføring av arbeidet som vart presentert i ein rapport som kom i 2020. Den kjedelege nyheita er at ein stort sett finn plast i alle elvar, men den gode nyheita er at tiltak hjelper! Du kan lese begge rapportane i høgrefana. 

Omfattande undersøkingar i totalt 84 elver i heile landet

Heile 1000 km elvestrekk er undersøkt av forskarane ved snorkling, padling eller til fots i totalt 84 elvar. I tillegg til å telje alle bitar av makroplast (> 2 cm) har forskarane teke prøver av sediment for å analysere førekomst av mikroplast (1 µm – 5 mm) i ni av elvane.

Sidan ein kan forvente at ein del plastbitar ligg gøymde under steinar eller nedgrave i grus og sediment, kan ein anta at den faktiske mengda plast er underestimert.

Mest plast i elvene nær landbruksområde og busetting

Mengda plast dei fann i elvane varierte mykje i høve til kva område elvestrekket rann gjennom. Elvar med minst plast rann, som forventa, gjennom ubebodde område, og dei med mest plast rann gjennom landbruksområde eller byar. I fire elvar fann dei ikkje plast i det heile tatt.

Ti av elvane som vart undersøkte i 2019 (sjå rapport 2020) hadde mindre plast når dei vart vitja att i 2022 eller 2023. Det vil seie at rydding og andre tiltak ser ut til å fungere godt. Særleg i landbruksområde ser ein at mengda plast minkar. Dette kan vere eit resultat av betre innsamlingsordningar og rydding langs elvane, samtidig som det kan ha skjedd ei endring i haldning og medvit rundt temaet. Sidan kjeldene til plastforureining i elvar ofte er lokale, kan tiltak og opprydding raskt vise positive resultat og mindre mengder plast i elvane.

kart over undersøkte elver
Av dei 84 undersøkte elvene ligg mange av dei i Vestland. Sjå rapporten for status på elva i ditt nærområde. Kjelde: NORCE

Mengda mikroplast i elvane var varierende. Kjeldene var mellom anna landbruksfolie, gjenstandar frå veg, konstruksjon, tauverk og emballasje. Talet på mikroplastprøver var lågt i forhold til talet på elvar som vart undersøkte for makroplast, og det vart dermed vanskeleg å vise ein samanheng mellom mengda makroplast og mengda mikroplast.

Nyutvikla system for å definere miljøstatus for plastforureining

Ein reknar med at så mykje som 2 % av alt avfall kjem på avvege i land med velfungerande renovasjonssystem. NORCE har ved hjelp av data frå denne kartlegginga, og med basis i naturens tålegrenser og mennesket sin eigen aksept for tilstadeverelse av plast i elvar, utvikla eit forslag til eit system som kan definere miljøstatus for forureining av plast i elvar. Målet er å kunne bruke dette systemet som ein støtteparameter til klassifisering av økologisk tilstand i ferskvatn etter EUs rammedirektiv for vatn (vassforskrifta).

Dersom desse klassegrensene hadde blitt nytta på elvane i Noreg, ville 44 elver ha nådd miljømålet om god tilstand, og 16 elvar ville hamna i dårleg tilstand. Med betre kunnskap er det lettare å setje i gang tiltak, og tiltak hjelper for å redusere forureininga i elvene. Med mindre plastforureining i elvene vil også det kunne føre til mindre plastforureining til havs. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.