Romarheim Entreprenør trekkjer søknaden i Alvermarka
Søknad om oppretting av vaskeanlegg for forureina massar har vore lyst ut på nettsida vår tidlegare. Søknaden er no trekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.06.2021
Det kom inn mange merknadar under høyringa. Alver kommune har og meldt at dei ikkje kan rå til søknaden.
Romarheim Entreprenør har difor valt å trekkja søknaden sin. Statsforvaltaren tek opplysningane til etterretning og avsluttar sakshandsaminga.