Miljø og klima

Oppdatert 15.11.2024

Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

20.12.2024

Vi ser ei forbetring ved mottaksanlegg for farleg avfall

I perioden mars til mai 2024 gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland tilsyn ved 11 anlegg for mottak og mellomlagring av farleg avfall som del av ein nasjonalt koordinert tilsynsaksjon.


20.12.2024

Søknad om anleggsarbeid i sjø for å forlenge en eksisterande kai på Eldøyna industriområde ved Stord Hamnestell i Stord kommune

Multiconsult søkjer på vegne av Stord kommune, ved Stord Hamnestell om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å forlenge eksisterande industrikai på Eldøyna ved Stord Hamnestell i Stord kommune.


20.12.2024

Stad marine verneområde er i dag vedteke i statsråd

Eit av landets mest vêrharde kystavsnitt er i dag verna i statsråd. Stad marine verneområde er unikt både fordi arealet har svært høge naturkvalitetar, men også fordi lokalt engasjement har bidrege til eit av landets mest spesielle verneprosessar. 


20.12.2024

Gloppen og Lærdal får nye skogvernområde til jul

Regjeringa verna i dag 22 nye skogområde i ni fylke. Frå vårt fylke inkluderer vedtaket nesten 7000 dekar, og dekker areal både i Eimhjellen i Gloppen og Helleren i Lærdal. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.


18.12.2024

Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane i Stord kommune

Statsforvaltaren i Vestland gir Renevo AS løyve til drift av biogassanlegg på Eldøyane. Løyvet er datert 16. desember 2024.


16.12.2024

Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune

Statsforvaltaren i Vestland gir Hardanger Biogass AS løyve til drift av biogassanlegg på Husnes i Kvinnherad kommune. Løyvet er datert 29. november 2024. 


16.12.2024

Kunngjering av løyve til drift av biogassanlegg på Bjørkemoen i Voss herad

Statsforvaltaren i Vestland gir BIR AS løyve til drift av biogassanlegg i Voss herad. Løyvet er datert 4. november 2024. 


06.12.2024

Nytt skogvern sikrar store areal i Lærdal og Fjaler

Regjeringa verna i dag 31 nye skogområde i åtte fylke. Frå vårt fylke inkluderte vedtaket om lag 22 000 dekar både i Frønningen i Lærdal og Gyttavatnet i Fjaler. Vernet er viktig for å ivareta artar, naturtypar, intakt natur og karbonlagring for framtidige generasjonar.


28.11.2024

Vi startar opp overvaking i Sognefjorden

I januar 2025 er det oppstart av overvakingsprogrammet som skal gå i Sognefjorden dei neste tre åra. Målet er å kartlegge og overvake tilstanden i fjorden.


28.11.2024

Søknad om anleggsarbeid i sjø for utviding av industriområde på Botnastranda i Kinn kommune

iVest Consult AS søkjer på vegne av Julnes Eigedom AS om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø for å utvide industriområde på Botnastrand i Kinn kommune. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel