Søknad til klima- og miljøprogrammet 2022

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 1. april 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2022

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2022 er på 650 000 kroner. Utfylling av søknad skal gjerast i Altinn.

Formålet med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.

Prosjekta skal medverke til at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar, oppdatert kunnskap for rådgjeving og forvaltning, og å informere om jordbruket sin miljøinnsats til samfunnet elles.

Programmet omhandlar dei fem kategoriane klimatilpassing, klimagassutslepp, jord, naturmangfald/kulturverdiar i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft. Prosjekt som er med på å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimautfordringar vert prioriterte, og særleg prosjekt som rettar seg mot klimavennleg driftspraksis.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av naturmangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, naturmangfald, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kommunar og andre føretak

For å kunne søkje, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Prioriteringar i 2022

I 2022 vil prosjekt som medverkar til å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til klimautfordringar i jordbruket og som dreier seg om klimavennleg driftspraksis bli prioriterte.
Aktuelle faglege tema kan til dømes vere:

Klimatilpassing

  • Gjødsling, jordpakking, hausting, etablering av driftsvegar, dyre- og plantemateriale til endra klimatilhøve, dekkesystem for frukt og bær
  • Førebygging av skade på jord og avling; hydroteknikk, hausteutstyr, driftsopplegg

Klimagassutslepp

  • Redusere utslepp av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå jord og CO2 frå nedbryting av karbon i jord og frå fossile energikjelder i gardsdrifta
  • Samanheng mellom reduserte utslepp, god agronomi og økonomi

Jord

  • Prosjekt som fører til auka kunnskap om karbonbinding
  • Samanheng mellom jordkvalitet/jordhelse, jordfunksjonar og økosystemtenester
  • Ulike planteartar og plantemangfald sin verknad på jordbiologi, jordhelse og karbonbinding over tid
  • Jordhelsetiltak for enkeltproduksjonar

Naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet

  • Styrking og synleggjering av kulturlandskap og biologisk mangfald i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift
  • God praksis for istandsetting og skjøtsel av kulturminne og verdifulle naturtypar, verneområde og prioriterte artar
  • Informasjon om landbruket sitt bidrag til naturmangfald, kulturlandskap og varetaking av kulturminne

Forureining til vatn, jord og luft

  • Prosjekt innan temaa gjødsling, lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest, jordarbeiding, erosjon og arealavrenning, drenering og hydroteknikk, biogjødsel og kompost
  • Tiltak for å redusere ammoniakkutslepp
  • Tiltak som kan auke kunnskapen om barrierar og moglegheiter for auka oppslutnad i områder med utfordringar i vasskvalitet

Søknadsfristen er 1. april.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.