Ekstraordinært plantetilskot våren 2020
Om lag ein halv million skogplanter skal plantast i Vestland i vår. Koronasituasjonen har ført til ein krevjande situasjon for skogbruket, og det er difor innført eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det har vorte ei utfordring for skogbruket å få tilgang til naudsynt arbeidskraft til mellom anna planting i vår. Difor vert det løyvd eit ekstraordinært tilskot, som er dekka inn gjennom omdisponeringar av midlar til skogbruket over Landbrukets utviklingsfond (LUF).
Tilskotet er på 1,30 kr per plante og gjeld for all vårplanting i skogbruket i Vestland.
Tilskot til næringsaktørar
Tilskot etter den nye midlertidige forskrifta er løyvd til skogeigarandelslag og andre næringsaktørar (AT Skog og Nortømmer) som utfører planting på vegne av skogeigar våren 2020. Skogeigarar som leiger inn dei verksemdene det er vist til over for å få planta skog, skal ikkje sjølv søkje om ekstraordinært tilskot, då dette vert gjort av desse føretaka.
Tilskot til skogeigar
For plantearbeid som vert utført av skogeigar sjølv eller av andre aktørar som skogeigar engasjerer, skal tilskot tilsvarande tilskotssatsen bli løyvd gjennom tilskotsordninga som følgjer av Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-forskrifta). Skogeigar søker som vanleg til kommunen, og tilskotet blir utbetalt til skogeigar.
Ta kontakt med skogansvarleg for råd og rettleiing.
Tilskotet kjem på toppen av ordinært plantetilskot.
Landbruksdirektoratet har oppretta ei eiga side om tilskotet som blir oppdatert fortløpande.