Tilskot til soner for pollinerande insekt (gjeld berre i Lærdal kommune)

Blomsterrike turrbakkar, andre kantsoner og åkerholmar som blir skjøtta kan vere viktige for humler, bier, sommarfuglar og andre ville pollinatorar
Blomsterrike turrbakkar, andre kantsoner og åkerholmar som blir skjøtta kan vere viktige for humler, bier, sommarfuglar og andre ville pollinatorar. Foto: Magnhild Aspevik.

Det kan gjevast tilskot for å for å skjøtte pollinatorvennlege soner på jordbruksareal eller på areal som grensar til jordbruksareal. Tiltaket gjeld berre utprøving i Lærdal kommune.

Publisert 21.04.2020, Sist endra 03.04.2024

Sonene må ha pollinatorvennlege blomster gjennom vekstsesongen. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vere gjødsla eller sprøyta med plantevernmiddel. Ei sone skal vere minst to meter brei, og sona skal vere slått og/eller beita. Arbeidet må følgje fastsette skjøtselsråd (sjå skjøtselsråd under).

Alle som vil søke på tiltaket må melde frå til kommunen før 10. juni. Då kan kommunen synfare, og vurdere arealet, effektar og utfordringar med ordninga.

Det blir ikkje gitt tilskot for areal dominert av ugras som kan utgjere problem i jordbruksproduksjon.

Det kan gjevast tilskot for maksimum 600 meter per føretak. Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang gjevast tilskot for same areal etter § 9 Slått av slåttemark eller § 12 Skjøtsel av truga naturtypar.

Formålet med tiltaket er å betre livsgrunnlaget for ville pollinatorar i jordbrukslandskapet ved å skjøtte areal som sikrar tilgangen på leveområde/habitat og næring for insekta.

Det er ønskjeleg at det i søknaden blir lagt ved representative bilde av sonene tekne gjennom vekstsesongen.

Kva er omfatta av tilskotet?

Type areal: Tiltaket gjeld skjøtsel av naturleg, stadeigen, pollinatorvennleg vegetasjon som vert slått og/eller beita. Sjølv om tiltaksklassen heiter «Tilgrensande kantsone» kan skjøtselen gjerast både på jordbruksareal eller på areal tilgrensande til jordbruksareal. Tiltaket gjeld både for innmarksbeite, overflatedyrka og fulldyrka areal, og i tillegg areal som ligg inntil jordbruksareal. Føretaket må sjølv disponere og skjøtte arealet. Vegkantar som vert disponert/skjøtta av andre aktørar enn føretaket sjølv inngår såleis ikkje i tiltaket.

Det blir ikkje lenger gitt tilskot for å etablere nye soner ved hjelp av frøblandingar. Soner som blei etablerte i førre programperiode ved hjelp av frøblandingar kan derimot gjevast tilskot for dersom dei vert skjøtta ved beiting eller slått og elles oppfyller vilkåra i tiltaket.

Type vegetasjon: Pollinatorvennleg vegetasjon er blomsterrike areal som utgjer næringsgrunnlag og leveområde for insekt gjennom vekstsesongen. Slik vegetasjon finn vi til dømes i tørrbakkar, på åkerholmar og i kantar utanfor slåttemark og frukthagar. Det blir ikkje gitt tilskot for areal dominert av vanlege eng-ugras som løvetann, soleier, tistel, høymole og hundekjeks, eller anna ugras som kan utgjere problem i jordbruksproduksjon.

Korleis rekne løpemeter: Grunna nasjonale føringar vert tilskotet utmålt per løpemeter pollinatorvennleg sone. Eit føretak kan få tilskot for inntil 600 meter pollinatorvennleg sone med 2 meters breidde. Det kan vere ei samanhengande langstrakt 2 meter brei sone, eller det kan vere samansett av fleire kortare soner med 2 meters breidde. Sonene kan óg ligge inntil kvarandre slik at dei saman dannar eit polygon/felt som dekker eit større areal. Tal løpemeter for sona vert då målt som lengda av feltet x bredda av feltet delt på 2.

Tiltaksklasse, utmålingseining og førebels tilskotssats

Tilgrensande kantsone 
Inntil 600 meter per føretak
30 kr per meter pollinatorvennleg sone

(Skjøtsel av pollinatorvennlege soner i Lærdal kommune. Sats per løpemeter for sone som er minst to meter brei)

Skjøtselsråd

  • Tørrbakkar, andre kantsoner og åkerholmar dannar eit godt utgangspunkt for pollinatorvennlege soner dersom dei blir skjøtta.

  • Ta utgangspunkt i naturleg vegetasjon. Ein skal ikkje jordarbeide og så i sona i søknadsåret.

  • Ikkje bruk kjemiske plantevernmiddel, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel på sonene.

Rydding

  • Dersom områda er gjengrodde, må sona først ryddast for å fremje vekst av engplanter og villblomstrar. Dette inneber fjerning av treslag som furu, gran, einer, bjørk, gråor og osp for lysinnslepp, men store enkelttre kan gjerne stå att. Dette gjeld særleg ospetre sidan dei gjev livsmiljø for mange insektartar, og treslag som selje, rogn og frukttre som er viktige næringskjelder for pollinatorar.

  • Ver merksam på at det ikkje er lovleg å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag med årssikker vassføring. Her skal buskar og tre bli ståande. Det kan takast ut enkelttre, men ikkje av eit slikt omfang at det øydelegg den økologiske funksjonen til kantvegetasjonen.

  • Nitrofile (næringskrevjande) planter kan ofte bli så dominerande at dei utkonkurrerer engplantene. Bringebær er ein viktig pollenressurs, men den kan fortrengje andre pollinatorplanter, og bør gjerne fjernast frå sona dersom det finst rikeleg i nærområda.

  • Framande planter som spreier seg lett bør fjernast. Døme på slike er hagelupin, russekål, gravbergknapp, kjempespringfrø og kanadagullris. Plantene bør dragast opp med rota eller dekkast til med presenning til dei vert utarma og døyr.

  • La gjerne død ved og kvist bli liggjande i utkanten av sona slik at insekta har yngleplassar, men unngå å leggje mykje i sjølve sona, sidan det vil medverke til uønskt oppgjødsling.

Slått

  • Vegetasjonen bør ikkje kuttast kortare enn 5 cm. På denne måten vert vitale plantedelar som bladrosettar og ein del låge blomstrar sparte, samstundes som skjulestader for insekt blir skåna for øydelegging.

  • På næringsfattige areal som t.d. tørrbakkar bør slåtten gjerast éin gong per år, og ikkje før 15. juli. Å vente til august/september med delar av sona er ein fordel slik at alle blomstrane får tid til å setje frø og insekta får tilgang til siste rest av næring. Det er berre fint om ulike strekningar av sona blir slegne til ulike tider av sesongen, sidan det gjev eit jamnare tilbod til insekta.

  • Graset bør fjernast frå det meste av sona, men la gjerne graset bakketørke slik at frøa slepp på bakken før fjerning. Gras som blir liggjande igjen gir gjødslingseffekt til skade for ønskt vegetasjon. Daudgras gir i tillegg dårlegare spireforhold for plantene om våren, og det skapar kjølegare og mørkare forhold der det vert vanskelegare for overvintrande insekt å klekke.

  • Skjøtsel bør ikkje skje i form av beitepussing, sidan dette gir oppsamling av plantemateriale over tid.

  • På næringsrike areal som kantsoner til dyrka mark, kan vegetasjonen bli for høg dersom det berre vert slått éin gong seint i sesongen. I slike tilfelle kan det vere naudsynt med to slåttar. Førsteslåtten bør då takast tidleg i sesongen, før blomstring, og andre slåtten slik som på næringsfattige areal. Alternativet til tidleg slått kan her vere vårbeiting.

Beiting

  • Beitinga må vere avgrensa til ein kort periode vår og/eller haust slik at plantene får blomstre. Ved lengre beiting må beitetrykket vere lågt for å sikre rik blomstring og frøsetting.

  • Dersom sona skal skjøttast med slått og beiting i kombinasjon, bør det gjerast i form av vårbeiting, sein slått og eventuell etterbeiting etter slått.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP