Tilskot til beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark (gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrerte bukkar)
Det kan gjevast tilskot for styrt skjøtselsbeiting av verdifulle jordbruksareal her avgrensa til ugjødsla innmarksbeite som har vore ekstensivt drive eller som har vore ute av drift.
Tiltaket gjeld ammegeit, kje, bukkar og kastrererte bukkar som beiter minst 5 veker på inngjerda/avgrensa innmarksbeite som ikkje vert slått, beitepussa eller gjødsla. Skjøtselsbeitinga skal gjennomførast med høveleg beitetrykk utan støttefôring, og beitinga skal vere styrt. Det vil sei at dyra skal gjere ein reell ryddejobb i beitet, og dyra skal vere avgrensa av gjerde (nettinggjerde, mobilt eller permanent elektrisk gjerde, eller virtuelt gjerde som til dømes Nofence) og/eller terrenget.
Tiltaket skal medverke til å hindre at innmarksbeite gror til og blir til skog. Innmarksbeitet skal difor bere preg av attgroing ved beitestart, og beitet skal ha innslag av busker og/eller renningar av tre ved beitestart kvar sesong utover det som står i gjerdelinja.
Beitinga skal kombinerast med manuell skjøtsel slik at ringborka og døyande tre vert felte, og at felt virke blir fjerna eller lagra diskret i terrenget.
Dyra skal ikkje beite saman med dyr frå andre buskapar under skjøtselsbeitinga.
Dokumentasjon:
Bilde av beitet ved beitestart skal leggjast ved søknaden.
Tilskotsavgrensing:
Det kan berre gjevast tilskot for beiting av same areal i maksimalt 5 år. Tiltaket er avgrensa til ugjødsla innmarksbeite då desse jordbruksareala har størst potensiale for biologisk mangfald og er mest attgroingstruga med fare for tap av matproduserande areal, ope landskap og biologiske verdiar. Innmarksbeitet skal ha vore ute av drift eller ekstensivt drive slik at skjøtselsbeitinga kan bidra til å berge dei over nemnde verdiane.
Utmålingseining og førebels tilskotssats
- Kr 350 per dyr
(Styrt skjøtselsbeiting med ammegeit, kje, bukkar og kastrerte bukkar på attgroingstruga innmarksbeite)
Kontaktpersonar
Søknadsinformasjon
Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.
Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til RMP