Oversikt over regionale miljøtilskot i Vestland

Under fylgjer ei oversikt over dei regionale miljøtilskota i Vestland. Krav, avgrensingar, tilskotssatsar og informasjon per tiltak finn du ved å klikka på tiltaksnamna i tabellen under. Tabellen er oppdatert for søknadsomgangen 2024.

Publisert 19.04.2023, Sist endra 08.04.2024

 

Tiltak Forklaring
Kulturlandskap
§ 4 2024 Drift av bratt areal Slått og hausting av bratt, dyrka grasareal, og drift av bratt hagebruksareal med næringsføremål
§ 5 2024 Drift av beitelag Driftstilskot til beitelag (utmark)
§ 6

2024 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark 

Skjøtselsbeiting med geit på innmarksbeite.
§ 7 2024 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark  Sau på utmarksbeite frå og med 600 meter over havet.
§ 8 2024 Slått av verdifulle jordbrukslandskap Slått av veglaus dyrka mark
Biologisk mangfald
§ 9 2024 Slått av slåttemark Slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase
§ 10 2024 Beiting av kystlynghei Vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase
§ 11 2024 Brenning av kystlynghei Brenning av areal som vert vinterbeita og som er godkjent for tiltaket Beiting av kystlynghei
§ 12 2024 Skjøtsel av truga naturtypar Beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase
§ 13 2024 Skjøtsel av styvingstre Styving av styvingstre i søknadsåret
§ 14 2024 Soner for pollinerande insekt  Tiltaket gjeld berre i Lærdal kommune. Beiting og slått av pollinatorvenlege soner på og ved jordbruksareal.
§ 15 2024 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl  Markering av reir og sein slått ved reir for vipe, åkerrikse og storspove på jordbruksareal. 
Kulturminne og kulturmiljø
§ 16

2024 Drift av seter

Drift av støl med mjølkeproduksjon med levering til meieri eller eigen foredling

§ 17

2024 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Beiting og slått ved automatisk freda kulturminne på eller inntil jordbruksareal

Avrenning til vatn og utslepp til luft
§ 18 2024 Kantsone i eng  Gjødsel- og sprøytemiddelfri sone i eng ved utvalde vassdrag. 
§ 19 2024 Spreiing av all husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen  Spreiing av all husdyrgjødsel føretaket skal spreie innan 10. august. Gjeld berre nær elvemuslingsvassdrag.
§ 20 2024 Nedlegging av husdyrgjødsel  Nedlegging av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§20 og § 22) for å få fullt tilskot.
§ 21 2024 Nedfelling av husdyrgjødsel  Nedfelling av husdyrgjødsel innan 10. august på det arealet ein søker tilskotet for. Dersom ein brukar tilførselsslange, må ein søke om TO tilskot (§21 og §22) for å få fullt tilskot.
§ 22 2024 Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange  Tiltaket gjeld berre i kombinasjon med nedlegging (§20) eller nedfelling (§21).
Plantevern, jord og jordhelse
§ 23 2024 Nedkjemping av ugras i radkulturar  Flamming eller mekanisk bekjemping av ugras i potet- og grønsaksproduksjon. 
§ 24 2024 Fangvekstar sådd etter hausting  Såing av fangvekst etter tidleg hausting innan potet- og grønsaksproduksjon.
Klimarådgjeving
§ 26 2024 Klimarådgjeving Klimarådgjeving med NLR og/eller Tine der det vert laga klimatiltaksplan for føretaket. Tiltaksplan skal leggjast ved søknaden.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.