God jul frå landbruksavdelinga
Jula er ei høgtid med mange tradisjonar. Desse er viktige for dei fleste av oss. Vi ønskjer alle ei god jul, med råd om eit friskt tre, berekraftig gåvepapir og velsmakande mat.
Juletreet treng omsorg
Juletreet er eit levande tre henta frå skogen. Treet treng omsorg for å kunne spreie juleglede i heimen. Det første du kan gjere er å gi treet ein mjuk overgang frå kulde til varme, særleg om det er frost. Eit friskt snitt og vatn med ein dose blomsternæring i er bra for å gi treet den næringa det treng. Treet bør ha kontakt med vatn heile jula, og helst få påfyll med friskt vatn.
Forventningane, lukta og hygga med å få inn eit friskt og fint juletre er eit høgdepunkt i juleførebuingane. Jula er og blir tradisjon, så la treet, det friske levande, vere ein del av det også i framtida.
Julemåltida og tradisjonar
På vestlandet er det mange som har pinnekjøt som julemat. Om pinnekjøtet skal vere salta og tørka, lite eller mykje røykt, handlar om tradisjonar, og er ofte grunnlag for diskusjon. Det vi har attåt er også prega av kor vi kjem frå og tradisjonar i familien.
I tidlegare tider var det vanleg å lage rull til jul. Det var som regel lammerull, men ettersom ein nytta dei ressursane ein hadde på garden, vart det også ein og annan kjerull. Denne er laga av tre ingrediensar: kjekjøt, salt og pepar. Mange vert overraska over at geite- og kjekjøt har mild og god smak, fordi dei trur at slikt kjøt smakar skarpt. Med berre salt og pepar som krydder, kjem den milde, fine kjøtsmaken tydeleg fram. Det er den vi er ute etter.
Berekraftig gåveinnpakning
Nordmenn brukar om lag 60 millionar meter gåvepapir kvar jul. Både papir og band er ofte av slikt materiale at det må gå i restavfallet. Kva med å tenkje kreativ og berekraftig innpakning? Du kan pakke gåver i avispapir eller bruke gamle blad. Du kan også bruke stoffrestar. Om du har klede du ikkje brukar meir kan du pakke gåver i dei eller sy dei om til gåveposar. Du kan også ta vare på gåvepapiret frå i år, og bruka det om att neste år, eller finne din eigen kreative vri.
Landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland ønskjer deg ei god jul, og alt godt for det nye året som kjem!