Forskrift om vernskog mot fjellet på høyring

Skogsli i Ullensvang - Torleiv Skage, SFVL

Skog som har ein vernefunksjon for annan skog, produksjonsareal, infrastruktur, hus og folk er eit eige kapittel i Skogbrukslova. I Vestland fylke har dette vore lite i bruk, men med forventa klimaendringar aukar trongen.

Publisert 09.09.2024

Statsforvaltaren i Vestland har sendt ut eit høyringsutkast for ei forskrift om vernskog mot fjellet til kommunane med tilbakemeldingsfrist innan 1.nov.2024.

På 90-talet starta Fylkesmannen i Hordaland og i Sogn og Fjordane arbeidet med å etablere eit system for kommunale vernskoggrenser. Hovudmålet med dette var å sikre produksjonsskogen nedanfor eit belte av fjellbjørkeskog som vert sett som «klassisk» vernskog etter skogbrukslova. Ei fylkesvis eller kommunal vernskogforskrift vart aldri lagd fram.

I nyare tid har, spesielt også på Vestlandet, fokuset endra seg slik at vern mot naturfarar som skred, flaum og steinras er mykje viktigare i kommunale planprosessar enn før. Dermed har også interessa for vernskog auka merkbart.  

Denne forskrifta som hermed vert sendt på høyring, gjeld vernskog mot fjellet, dvs. etter det «klassiske» omgrepet av vernskog. Statsforvaltaren vil leggje fram ei forskrift om vernskog mot naturfare tidleg i 2025.

Meldeplikt av hogst er eit viktig tema som finn inngang i mange fylkesvise vernskogforskrifter etter skogbrukslova. Flatehogst i sårbare område vert sett som ein stor trussel for skogproduksjon og infrastruktur. Statsforvaltaren i Vestland ser det likevel ikkje som naudsynt å implementere ei generell meldeplikt av hogst for vernskog mot fjellet. På Vestlandet er det vanlegvis snakk om småskala vedhogst i slike skogar. Vert hogstarealet større enn 10 daa kan hogsten ha konsekvensar for nedanforliggjande skog og bør vere meldepliktig. Hogstmeldinga går til kommunane som har 3 veker til å svare på meldinga og til å kome med eventuelle merknader. Etter utgått svarfrist er saka å sjå som avklart.

Du finn høyringsutkastet på høgresida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.