Regjeringa ønskjer innspel om Bionova
Regjeringa har sett i gang arbeidet med å etablere ei ny finansieringsordning til støtte for klimatiltak i landbruket. Vi oppmodar næringsaktørar frå landbruket i Vestland om å kome med innspel i arbeidet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eit viktig føremål med Bionova er at det skal vere eit verktøy for klimatiltak i jordbruket. Bionova skal også bidra til innovasjon og verdiskaping innan bioøkonomi, knytt til jordbruk, skogbruk og havbruk.
Landbruks- og matdepartementet leier utgreiingsarbeidet, i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Finansdepartementet.
Innspel
Departementa ber om konkrete innspel, knytt til Bionova sine oppgåver og organisasjonsform:
- Kva bør kjerneoppgåvene vere?
- Kva utfordringar vert ikkje løyste med eksisterande verkemiddel?
- Korleis bør organiseringa av Bionova vere?
Innspel skal sendast til postmottak@lmd.dep.no innan 30. mars 2022.
Les meir på nettsidene til regjeringen.no.