Internasjonalt prosjekt for berekraftig landbruksutvikling

Berekraft.
Berekraft. Foto: MAREA projekt.

Prosjektet MAREA er finansiert av EU sitt Erasmus+ -program, og har som mål å utvikle og synleggjere berekraftig landbruk. Statsforvaltaren i Vestland deltek i prosjektet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2022

Namnet MAREA står for "Multifunctional Agriculture: Rural Education for Action" og speglar målet med prosjektet: Å bidra til berekraftig livsstil gjennom auka kunnskap og deling av erfaringar. Samarbeidslanda er Belgia, Tyskland, Italia, Kroatia og Norge. MAREA rettar seg inn på fire tema: Sosioøkologisk landbruk – alt heng saman med alt, berekraftig reiseliv, bevaring og formidling av tradisjonell kunnskap og tilhøvet mellom by og landbruk.

Mellom anna lærer prosjektdeltakarane om utfordringar og likskapar i dei ulike landa. Korleis fungerer landbrukspolitikk og offentlege støtteordningar i landbruket? Bønder i Norge får god oppfølging og støtte av statsapparatet, medan marknadskreftene rår sterkare i andre land. Det er også store ulikskapar i kva posisjon landbruket har i dei ulike landa. I vårt land får kundane auga meir og meir opp for norske og lokale matvarer. I andre land er ikkje denne trenden så tydeleg.

Rural Academy

Berebjelken i MAREA-prosjektet er «Rural Academy - learning in rural areas». Her vert det, i prosjektperioden, laga ein internasjonal læreplan, som skal bidra til auka kompetanse innanfor, mellom anna, berekraftig ressursutnytting, ulike produksjonar og urbant landbruk. Sentralt i prosjektet er opplæring i formidling av ny og etablert kunnskap, gjennom kurs i «rural guiding». Eit godt opplegg krev gode eksempel frå dei ulike landa. Desse blir samla i den interaktive online-plattforma «Map of tomorrow». Organisasjonane Berekraftige liv og Lyngheisenteret på Lygra er representerte her.

Never ending stories

Det vert også produsert filmar, som både viser mangfald og synleggjer korleis tradisjonar kan bidra til innovasjon og god og berekraftig utvikling. Hos Statsforvaltaren i Vestland er den første filmen «Ull er gull» lansert no i vinter. Vi er i gang med film nummer to, som skal samanlikne sider- og vinproduksjon i Norge og Italia, og vise kva tradisjon kan ha å seie for innovasjon.

Nettverksbygging

Prosjektet samlar deltakarar frå alle landa fleire gonger i prosjektperioden, til diskusjon, erfaringsutveksling, evaluering og nytenking.

Internasjonale prosjekt bidreg til kunnskapsdeling på tvers av landegrenser og skapar gode og varige nettverk. Statsforvaltaren i Vestland har delteke i EU-prosjekt i ei årrekkje. Vi har mykje å lære av kvarandre, og har stor nytte av dette samspelet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.