Nyt julemiddagen – den er berekraftig

Pinnekjøtt og pølser med tilbehør.
Pinnekjøtt og pølser med tilbehør. Foto: Håjen Kafe.

Julemiddagen er basert på tradisjon og på produkt som er tilgjengelege på denne årstida. Et du mat som har reist kort, tek du eit berekraftig val.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.12.2021

FN sitt berekraftsmål nr. 2 er å utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og å fremje berekraftig landbruk. I berekraftig matproduksjon er det sentralt kor mykje vi kan produsere av ernæringsmessig god mat som er tilpassa ressursgrunnlaget. FN sitt klimapanel seier at alle land må nytte sine ressursar til matproduksjon.

Noreg er eit langstrakt land med mykje fjord og fjell. Vi kan berre drive landbruk på 3 prosent av landarealet, berre 1 prosent er eigna til å dyrke korn, potet, grønsaker, belgvekstar, frukt og bær. I Vestland ligg forholda godt til rette for grasproduksjon, og då er det husdyra som utnyttar ressursane best.

I Noreg får vi omlag 37 prosent av kaloriane våre frå animalske varer slik som meieriprodukt, kjøtt, egg og fisk. Om lag 63 prosent av kaloriane får vi frå planter som korn, grønsaker, frukt, potet, sukker og olje. Nesten alle dei animalske produkta klarer vi å produsere i Noreg (94 prosent), men for vegetabilske produkt utgjer dette berre 23 prosent. Dersom vi skal ete meir vegetabilske råvarer må vi enten produsere meir sjølv eller auke importen.

Eit berekraftig, sunt norsk kosthald må avspegle kva som kan dyrkast lokalt og regionalt. Nokre viktige prinsipp er då:

  • Meir norsk korn
  • Meir norske grønsaker, potet, frukt og bær
  • Husdyrprodukt basert på norske fôr- og beiteressursar

No er det tid for å nyte god tradisjonell julemat basert på norske råvarer; potet, kålrot, kål og ribbe av lam, geit eller svin - god julemiddag!

Tips for en grønnere jul
Berekraftig matproduksjon

Kjelde:
Inderhaug, M. H. 2020. Skal norsk husdyrproduksjon erstattes av importerte varer? Rapport 9-2020. (Agrianalyse)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Berekraftig utvikling

Utvikling som kjem i møte dagens behov utan å øydeleggje for at kommande generasjonar skal få dekka sine behov.