Utlysing tilskot frå Hordaland Landbruksselskap
Hordaland Landbruksselskap er ei ideell stifting der føremålet er å forvalte kapitalen i dei fonda selskapet har til rådvelde i trå med gjevarane sitt ønskje og til det beste for jordbruket i Hordaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stiftinga Hordaland Landbruksselskap forvaltar i dag kapitalen til seks fond og legatar. Bønder, forskingsorganisasjonar, forsøksringar og faglag i Hordaland kan søkja om tilskot frå avkastinga i fondet. Fonda som ligg under Landbruksselskapet er:
- BU-fondet: skal gå til å ta vare på og arbeidde opp den gamle norske sauerasen
- To fjørfefond skal nyttast til å fremje fjørfeavlen. Herunder Anton Mindes Legat og Hordalands fjørfeavlsfond
- Fabrikkeigar Anton Mindes Legat til fremme av fremragende gardsdrift og nydyrking og skal nyttast til framifrå drive gardsbruk, her under kanalisering og opparbeiding av kulturbeite.
- Fondet til beite- og planteutvalet skal nyttast til plantedyrking, utprøving av ulike sortar og dyrkingsmetodar, gjødselforsøk, beiteforsøk, fôrkonservering.
- Hordaland Landbruksselskap sitt privatfond skal nyttast meir fritt som i vid meining kan fremja landbruket og herunder tiltak for å gjera landbruksnæringa meir kjent i samfunnet.
Søknadar om tilskot må sendast til styret innan 1. september 2019. Søknadane kan sendast til fmhokdb@fylkesmannen.no eller til Stiftinga Hordaland Landbruksselskap, Postboks 7315, 5020 Bergen.
Spørsmål kan rettast til Kari Elsa des Bouvrie, tlf. 55 57 20 22 eller fmhokdb@fylkesmannen.no