Stor aktivitet i vestlandslandbruket i 2018
Innovasjon Noreg løyvde over 100 millionar kroner til etablerings- og utbyggingsprosjekt i landbruket i Vestland, medan Fylkesmannen bidrog til å løyse ut tilsvarande i utgreiings- og tilretteleggingsprosjekt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Innovasjon Noreg Vestland melder om rekordstore løyvingar til investeringsstøtte i det tradisjonelle landbruket i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2018. 43 millionar gjekk til 91 prosjekt med totalinvestering på 180 millionar i Hordaland, og 58,3 millionar til 82 prosjekt i Sogn og Fjordane løyste ut investeringar på til saman 260 millionar.
Samstundes løyvde fylkesmennene (samanslått frå 1. januar) til saman 8,7 millionar frå dei generelle utgreiings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) til landbruksrelatert næringsutvikling i 77 prosjekt med totalt budsjett på 107 millionar kroner. Desse felles utviklingsmidlane har dimed stor utløysingseffekt både for anna offentleg finansiering og eigeninnsats frå næring og utviklingsmiljø generelt.
Mest til ku
Hordaland og Sogn og Fjordane er mellom dei mest utprega gras- og beitefylka i landet. Mjølkeproduksjonen utgjer brorparten av verdiskapinga i tradisjonelt landbruk i fylka, medan sauehaldet dominerer i tal brukseiningar.
Investeringsprosjekt i mjølkeproduksjonen har vore spesielt dominerande i Sogn og Fjordane, der heile 35,4 mill, eller 57 prosent av løyvingane har gått til 20 utbyggingar innan mjølkeproduksjon, med ammeku (storfekjøtproduksjon) som ein god nummer to med 11,2 mill i løyving (18 %) til 13 ammekufjøs.
I Hordaland har situasjonen vore noko annleis, med 20,7 mill løyvd til 16 prosjekt (48 %) innan mjølkeproduksjon og 3,8 mill. til 6 utbyggingar for storfekjøtprodukjson.
Skilnaden mellom fylka har både med storleik og støttegrad på utbyggingane å gjere, og har bakgrunn både i tidlegare utbyggingstakt og potensiale for vidare utvikling. I Hordaland er mykje av dei større utbyggingane allereie gjort, medan Sogn og Fjordane framleis har eit stort potensiale.
I Hordaland har utbyggingskostnadane auka til eit snitt på 5,5 mill, mot 4 mill i 2017, men høgare tilskotsprosent har kompensert noko av auken for bøndene. Utbyggingskostnaden/liter aukar derimot bratt frå 13,80 til 20,40 kroner, mykje som følgje av høgare byggekostnadar og utbyggingar med robot på mindre bruk enn tidlegare.
29 prosent av UTM-midlane har gått til utviklingsprosjekt retta mot mjølke- og storfekjøtproduksjonen i dei to fylka, det meste til dei store mobiliseringsprosjekta for fornying av driftsapparatet til mjølkekyr og til ammeku, i regi av TINE og Landbruksselskapet i Sogn og Fjordane. For 2019 er desse samla i eit felles prosjekt for heile Vestland. TINE fekk løyving til prosjektet Friskare kyr som skal fokusere på sambandet mellom god dyrehelse og økonomi i mjølkeproduksjonen i Hordaland.
Grovfor og gjødsel
Grovfordyrkinga er også svært viktig som innsatsfaktor i landbruket generelt og i mjølkeproduksjonen spesielt, og begge fylkesmennene gjorde løyvingar til fleire utviklingsprosjekt innan grovforrådgiving, robotisering/mekanisering (GrassRobotics) og presisjonslandbruk.
Gjødselproblematikk er ein kritisk del av det store husdyrhaldet, og i tillegg til prioritering av gjødsellager på bruka, vart det også gjort fleire løyvingar til prosjekt som søkjer å nytte husdyrgjødsel i biogassproduksjon, mellom anna i Sunnhordland og på Voss.
Ekstra løft før byggestopp på sau
Ikkje uventa har byggesøknadane i sauehaldet vorte ekstra mange i 2018, truleg grunna den varsla, framtinga løyvingsstoppen i 2019. I Sogn og Fjordane er det løyvd rundt 6 mill. til 20 utbyggingar, medan Hordaland nær doblar «normalen» med 5,9 mill til 16 prosjekt på sau, med ei snittinvestering på bruka på 1,8 mill. Dette inneber ei planlagt auke på 950 vinterfora sau (vfs) i Hordaland, men dette er truleg likevel mindre enn avgangen i fylket. I det lange perspektivet må ein uansett pårekne å bygge nok kvart år til å fornye bruksapparatet og nokon lunde erstatte dei bruka som fell frå, skal Vestland, som den mest typiske saueregionen, halde sin del av produksjonen.
Innan sauehaldet har det vore avgrensa aktivitet på felles utviklingsaktivitetar i 2018, men prosjektet Utmarksbasert kjøtproduksjon mobiliserer mellom anna til utbyggingar på sau i Sogn og Fjordane, og det har vore søkt og løyvd fleire, meir marknadsretta prosjekt, mellom anna på Lam frå Sogn og økologisk lammekjøt.
Fruktplantinga aukar igjen i Hardanger
I Sogn og Fjordane har vart det løyvd 4,6 mill i tilskot til planting av frukt og bær på 28 gardsbruk i 2018, noko meir enn året før. Men i Hordaland tok fruktplantinga seg kraftig opp igjen, etter å ha vore noko moderat etter storsatsing for nokre år sidan. Total vart det løyvd 8,7 mill. til 46 prosjekt. Brorparten sjølvsagt eple med totalt 247 dekar, men også ei etterlengta auke i morellplantinga, med heile 52 dekar. Den auka interessa og etableringa innan handverkssider ser ut til å ha fått ein viss drivareffekt også innan råvareproduksjonen.
Frå UTM vart det løyvd til fleire prosjekt for utvikling av fruktproduksjonen, mellom anna innan mekanisering/robotisering, dyrkingsteknikkar og sjukdom og skade i fleire produksjonar.
Skog og trebasert innovasjon
Innovasjon Noreg gjorde løyvingar til ei handfull bedrifter på utvikling innanfor trebasert innovasjon og bioenergi i dei to fylka i 2018. Fylkesmennene støtta eit større prosjekt på områdeplanar for skogsvegar i Sogn og Fjordane og prosjekt på verneskog (skog som vern mot erosjon, ras ol.) og volumprognosar i skogbruket i Hordaland.
Landbruksbaserte næringar
Gardsmat, reiseliv og Inn på Tunet (grøn omsorg) er tilleggsnæringane som er prioriterte for utvikling i fylka våre. I Sogn og Fjordane løyvde Innovasjon Noreg 3,8 mill til 15 bruk i 2018, om lag det same som i Hordaland, med 3,6 mill i 14 saker. Dette er innanfor «normalen» dei siste åra, men den litt låge etterspurnaden kan ha samband med både auka utviklingsfokus i tradisjonelle landbruksproduksjonar, og at vestlandsfylka allereie har mange aktørar innan desse næringane.
Men her ligg truleg gode potensial mellom anna innan reiseliv, sider/drikke (spesielt i Hardanger), bakst og osteproduksjon (ikkje minst etter Oste-VM i Bergen i oktober, med heimesiger) og vi registrerer interesse for lokale kjøtsamarbeid, truleg med bakgrunn i marknadssituasjonen og økonomien i sauehaldet.
Fylkesmennene i begge fylka løyvde UTM-midlar til fleire utviklingsprosjekt på gards- og lokalmat; lokalmatutsal og marknadskanalar, kompetanseprogram for lokalmatprodusentar, utvikling innan sidernæringa og lokalmat og landbruk som oppleving i reiselivet.
Det vart også gjort fleire løyvingar til publikumsretta aktivitet innan landbruk og mat, på Bergen Matfestival, på fleire lokale arrangement rundt i fylka (td. Askøy, Austrheim, Eidfjord, Sogn), og internasjonale aktivitetar i samband med Slowfood, Nordisk Terra Madre og Internationale Grüne Woche i Berlin.
Kontaktpersonar:
Eirik Brynjelsen
Tlf: 55 57 21 70
Randi Erdal
Tlf: 57 64 30 73 /476 42 589
Ole Andreas Smette
Innovasjon Noreg
Tlf: 55 55 93 91